Donasjonar til rettsaka mot Nordea

Det er dyrt å vinne fram i norsk rett. Til saman har eg brukt over ein million kroner frå eiga lomme til sakskostnader for å vinne fram i retten mot Nordea, som har veldig mykje djupare lommar enn meg.

Saka er viktig for heile det norske bitcoin-miljøet. Slik ho står no har retten i praksis sagt at bankar er forplikta til å seie opp alle konti som vert brukt til handel med bitcoin, både privat og til næring. Eg er sterkt usamd i premissa for dei dommane som er avsagt, og meiner dei baserer seg på ei misforståing av heile kvitvaskingslova. Spesielt § 10, som seier kva som skal skje dersom banken ikkje kan gjennomføre kundekontroll. Retten seier at den paragrafen skal brukast uavhengig av om kundekontroll kan gjennomførast, og opphevar i praksis både resten av kvitvaskingslova og finansavtalelova § 14.

For å finansiere saka vidare, vert eg nøydd til å ha kronerulling. Det er grenser for kor mykje eg har råd til å leggje ut av eiga lomme. Eg tek donasjonar via bitcoin til adressene under.

bc1q46hxgyny59vu70yv7yavv63kftkcaqqc4df5uf
3JytP3JaDgai2P4GsuupGzuoS4RMwb1QY7
bc1q46hxgyny59vu70yv7yavv63kftkcaqqc4df5uf 3JytP3JaDgai2P4GsuupGzuoS4RMwb1QY7
Annan kryptovaluta
LitecoinLeieEB67DKWcinvaYqJY3Y7rWrTN3PsSbe
Ethereum0xed8c9b3a3a0a9410e9e842b912530b6bcebe3cae

Begge adresser kan brukast, men berre nyleg oppdaterte lommebøker støttar den fyrste adressetypen. Dersom du heller vil donere gammaldagse pengar, kan du overføre til: 3700.20.64589. Merk betalinga "Donasjon rettsak" og merk at banken sikkert kjem til å stenge den kontoen når dei oppdagar det. Ingen bankkonti relatert til bitcoin er trygge lenger.

Dersom eg vinn og Nordea betaler alle sakskostnadane, eller det kjem inn meir enn saka kostar, kjem eg til å bruke det overskytande til eit godt føremål. Eg har tenkt på eit fond eller ei stifting som skal fungere tilsvarande Finansklagenemnda bank, men ta saker frå næringsdrivande og folk som gjerne vil starte næring. No har næringsdrivande formelt klagerett, men det finst ingen nemnd å klage til. Dei fell utanfor alle klageordningar, og langt frå alle har ein million kroner til å gå til rettsak mot banken. Då er dei rettslause. Klageordninga vil vurdere klager som Finansklagenemnda avviser som næring, og støtte alle klagarar økonomisk til rettsak mot banken dersom fondet/stiftinga meiner at klagaren har ei god sak. Eg trur dette er det aller siste bankane ynskjer seg. No kan bankane berre køyre over alle privatpersonar som prøver å starte næringsdrift. Andre innspel er velkomne.

Til no (2018-05-12 10:00) er det kome inn 1.76052972 BTC og 25250 NOK i støtte. (I tillegg kom det ei feil-overføring på 0.79345519 BTC, som skulle til ei autokjøp-adresse.)