FAQ

  1. Bør eg investere alle sparepengane mine i Bitcoin?
    NEI, det bør du ikkje. Du må aldri investere meir enn du har råd til å tape, anten det er aksjar eller bitcoin. Kursen varierer mykje. Dersom du mistar nattesømn av det, bør du heller la pengane stå i banken.
  2. Kursen går opp og ned heile tida. Er det lurt å kjøpe no?
    Dersom eg kunne svare på det hadde eg ikkje skrive det her. Då hadde eg vore multimilliardær og kost meg på stranda på den private øya mi i Karibia. Du må vurdere sjølv om det er lurt å kjøpe eller selje.
  3. Kva bitcoin-klient/lommebok bør eg bruke?
    Det er heilt opp til utstyret du brukar. Den mest komplette til vanleg bruk er Bitcoin Core. Den krev ei nokonlunde rask maskin med rask disk og brukbart raskt nett. For lettare utstyr og enkel bruk er Electrum eit godt alternativ. Spesielt interesserte kan installere Armory, men merk at den krev minimum 8 GiB RAM og er tung i drift. Ynskjer du ein app til mobiltelefon eller nettbrett, eller ei web-basert lommebok, er Green Address eit godt alternativ. Denne finst som app for Android, iPhone og Chrome. Sjå oversikta på bitcoin.org for fleire alternativ, m.a. fleire appar til smarttelefonar og nettbrett.
  4. Korleis sikrar eg lommeboka mi?
    Dersom du har meir pengar i bitcoin-lommeboka enn du er komfortabel med å ha i lomma, bør du kryptere lommeboka. Skriv ned passordet på ein lapp og ta godt vare på lappen. Legg han på ein trygg stad. Du kjem til å gløyme passordet. Det andre du skal gjere, og det gjeld alltid, er å ta backup av lommeboka. I menyen er det gjerne "export wallet" eller liknande. Nyare lommebøker gjev deg som regel tolv ord som du må skrive ned. Pass på å lagre backupen fysisk ein annan stad enn der du har lommeboka. Ver forsiktig med å la for mykje liggje på reine web-baserte lommebøker, børsar og liknande. Anonyme framande er ikkje alltid dei beste til å ta vare på pengane dine.
  5. Eg vil sikre lommeboka mi endå betre, kva gjer eg?
    Du kjøper ein Trezor bitcoin-safe for fysisk sikring. Då kan ingen bruke bitcoina dine utan fysisk tilgong til den tingen, eller tilgong til lappen der du skreiv ned den 12 ord lange passfrasen som du kan bruke til å regenerere lommeboka di med i tilfelle du mistar Trezoren din.
  6. Kjenner du nokon som har mista bitcoin?
    Ja, det har skjedd på fem måtar: Eg veit ikkje om nokon som har mista bitcoin etter å a fylgt dei enkle råda i spørsmål 4.
  7. Kan du sende bitcoin rett til ei adresse på Bitstamp?
    Eg sender til akkurat den bitcoin-adressa du ynskjer å sende til. Du kan spare gebyr ved at eg sender direkte dersom du uansett har tenkt å sende dei vidare.
  8. Eg har 1000 bitcoin. Kan eg selje dei til deg?
    Ja, over tid. Eg kan ikkje kjøpe alle på ein gong. Du kan anten selje dei i mindre porsjonar gjennom det vanlege autokjøp- systemet mitt, eller ta kontakt for å avtale nærare om vilkår.
  9. Tek du Vipps/MobilePay/etc?
    Nei! Det bør ikkje du gjere heller, med mindre du kjenner betalaren personleg og veit at du kan lite på vedkommande. Ei overføring via Vipps er i prinsippet ein kredittkorttransaksjon, og Vipps gjer kredittkortsvindel veldig enkelt. Om du får pengar frå eit stole kredittkort, vert du rapportert til Økokrim for kvitvasking av pengar, utan at du får høyre om det før du evt vert kalla inn til avhøyr. Graverande saker kan medføre fengselstraff. Sjølv aktlaus kvitvasking av pengar kan føre til 2 år i fengsel. Svindlarar tilbyr ofte kraftig overkurs for betaling via Vipps, og det kan dei gjere fordi dei ikkje betaler med eigne pengar.
  10. Kjøper/sel du for kontantar?
    Eg kan selje for mindre kontantsummar, opp til 4000 kroner, i Florø. Eg sel ikkje større summar av to grunnar. For det første har eg ikkje tid til å springe i banken for å setje inn kontantar. For det andre vil eg ikkje risikere å bli innblanda i kvitvasking av pengar.
  11. Korleis føregår handelen?
    1. Du tek kontakt og ber om å få kjøpe x.y bitcoin eller bitcoin for x kroner til adresse z. Skriv gjerne kva bank du overfører frå.
    2. Eg svarar med aktuell kurs og reknar ut kva det kostar.
    3. Dersom du aksepterer får du kontonummer av meg.
    4. Du overfører den nøyaktige summen vi vart samde om omgåande, slik at eg veit når pengane kjem til å vere framme.
    5. Når eg ser pengane på konto, overfører eg bitcoin til deg.
    Tips: Dersom eg får bitcoin-adressa med ein gong, sjekkar eg at ho er gyldig. Eg kan ikkje sjekke om adressa tilhøyrer deg, men sjansen for at ei feilskriva adresse vert godkjend er ca 1 til ca 4295 millionar.
  12. Korleis finn eg bitcoin-adressa mi?
    Sjå om lommeboka di har ein kanpp for å motta bitcoin. Ei bitcoin-adresse er ein streng av anten 34-35 tal og store og små bokstavar med 1 eller 3 fyrst, eller ca 42 teikn med bc1 fyrst. (Du sparer litt txfee på å bruke den ny bc1-typen, om lommeboka di støttar den.)
  13. Kva om eg vil selje bitcoin til deg?
    Det er kjempelett! Send meg namn og kontonummer på IRC eller e-post. I retur får du ei bitcoin-adresse. Når du sender bitcoin til den adressa, kjøper eg automatisk til kursen som gjeld i det bitcoin-klienten min oppdagar transaksjonen. Når transaksjonen er stadfesta overfører eg pengane til kontoen din. Du kan bruke adressa so ofte som du vil. Meir her.
  14. Kan eg få kontonummeret ditt?
    Ikkje utan vidare, nei. Sjå over for korleis ein handel føregår. Eg vil ikkje ha inn pengar av nokon utan at det er avtalt på førehand.
  15. Eg har ikkje kodedimpen til nettbanken her og får ikkje overført pengane med ein gong, kan eg likevel handle?
    Kanskje, etter nærare avtale. Eg må vite når eg kan vente at pengane er framme. Dersom det oppstår noko problem med betalinga er det viktig at du melder frå med ein gong. Trege betalarar vert svartelista.
  16. Prisen har gått ned sidan eg avtalte eit kjøp, kan eg få ny kurs?
    Nei, og eg vil heller ikkje forlange at vi set ny kurs dersom prisen går opp. Dersom du ynskjer kursen som gjeld når pengane kjem fram, må du melde frå om det når du kjøper. Kursen svingar heile tida, og mitt beste tips er å ha is i magen.
  17. Eg treng bitcoin no med ein gong, kan det ordnast?
    Kanskje. Overføring internt i same bank går vanlegvis på minuttet. Sjølv handlar eg frå konti i fleire bankar. Mange bankar, spesielt mindre sparebankar, støttar no straksbetaling til andre bankar. Det går på minuttet. Snapcash er det same. Kjøper du mindre enn 1 bitcoin er det ikkje sikkert eg vil betale dei ut med ein gong, men slår saman fleire utbetalingar for å spare transaksjonsavgifter.
  18. Korleis reknar du ut kursen?
    Kursen er basert på eit vekta gjennomsnitt av kursar frå opp til fem ulike børsar. (Du kan slutte å lese her om du ikkje er spesielt interessert.) Kva børsar som er med og kva vekt dei får er avhengig av fleire parameter, som volum, spread og oppetid. Eg prøvar heile tida å gi ein god kurs for både kjøp og sal. Min eigen spread er i utgangspunktet 2% + spread på Bitstamp, men kan vere høgare når marknaden er ustabil slik at vektinga justerer seg mykje, når vekta gjennomsnittleg spread på børsane som er med er høg, og når kursen på NOK vs USD og/eller EUR svingar mykje. Salskursen min på IRC er 0,4% høgre enn elles mellom klokka 16 og 20.
  19. Eg skal kjøpe alvorleg mange bitcoin, kan eg få kvantumsrabatt
    Det får du. På bitmynt.no er kursen den same anten du kjøper 0.01 eller 100. Kjøper du på ein børs, må du rekne med å betale høgare gjennomsnittskurs for 100 enn for 0.01. Det same gjeld meg når eg kjøper. Eg får tak i mindre parti til ein grei kurs. Dersom eg må kjøpe inn mykje meir enn eg vanlegvis får inn til normal kurs, må eg betale meir og tener mindre på handelen. Ofte ingenting. Du betaler det same, ergo får du rabatt.
  20. Kvifor er salskursen høgare mellom 16 og 20?
    Fordi eg ynskjer å prioritere familien i det tidsrommet, samstundes som det er veldig mange som vil handle akkurat då. Det er eit hint om å heller kjøpe før klokka 16 eller etter klokka 20. Dersom eg er på IRC klokka 17, og du må kjøpe akkurat då, seier eg sjeldan nei, men det kostar ekstra. Kursen min på Localbitcoins er ikkje påverka.
  21. Sel du litecoin eller andre altcoin?
    Nei, eg sel berre bitcoin. Du kan lett kjøpe alle moglelege *coin av andre for bitcoin.
  22. Er det sant at eg kan tene veldig mykje bitcoin på www.døme.com?
    Det er nesten 100% sikkert svindel. Til no (oktober 2017) er det registrert over 4500 domene på svindel-lista til badbitcoin.org. Er det for godt til å vere sant, er det ikkje sant. Ikkje la deg lure. Mange av dei stel både bitcoin-lommebok, pengar og passord.
  23. Kva med OneCoin, er det bra?
    Nei, det er rein svindel. LIGG UNNA! Du får lett kjøpt OneCoin, men du vert ikkje kvitt dei att.
  24. Støttar du Bitcoin Classic eller Bitcoin Unlimited eller Bitcoin XT eller Segwit2x eller …?
    Dette er nye typar altcoin. Eg held meg til standard Bitcoin. Når den tid kjem, dukkar det heilt sikkert opp børsar der du kan veksle vanlege bitcoin til den bitaltcoin du ynskjer. Den sokalla "Bitcoin Unlimited" kan ikkje fungere med bitmynt.no, fordi ein aldri kan vite om ein transaksjon er stadfesta. "Bitcoin Unlimited" er basert på ein gammal versjon av Bitcoin Core, og manglar ein del nyare funksjonalitet som bitmynt.no brukar mykje. Alle desse alternativa manglar kompetente utviklarar, og klarer ikkje å halde fylgje med utviklinga. Eg vil åtvare sterkt mot å bruke både "Bitcoin Unlimited" og andre variantar som opererer med alternative reglar for kva transaksjonar og blokker som er gyldige.
  25. Støttar bitmynt.no "segregated witness" og Lightning?
    Vi har full støtte for segregated witness og eksperimenterer med Lightning. Lightning er dessverre ikkje trygt å bruke før segregated witness er fullt støtta av dei som grev etter bitcoin, og vert for tida sabotert av Bitmain. Bitmain har patent på ein metode for å effektivisere graving etter bitcoin, og denne metoden fungerer dårlegare med segregated witness. Dermed må dei konkurrere på like vilkår som dei andre, og dei kjempar med nebb og klør for å hindre det framsteget segregated witness er.
  26. Støttar du BIP148 får å få gjennom segwit raskare?
    Ja, no gjer eg det fullt ut. Det ser ut til at segwit vert aktivert med ein alternativ måte men det finst ingen godt nok testa implentasjonar med dei alternative reglane til at eg tek sjansen på å bruke dei. BIP148 skulle vere nokon lunde kompatibel.
  27. Kva gjer du i tilfelle segwit2x (S2X) vert splitta ut frå Bitcoin?
    Eg har ingen planar om å støtte S2X. Det kan hende eg lagar ei vekslingsteneste, slik at kundar som har S2X kan veksle dei i fleire bitcoin for marknadskurs, og kundar som sender meg transaksjonar til autokjøp med gyldige S2X får kompensert heile verdien.
  28. Er det OK at eg lastar ned framsida di kvart minutt for å lage graf over kursen?
    Ja, men du vil sikkert ha meir nytte av ticker-scripta mine. Eg har for NOK, EUR og ein med alle kursar i JSON-format. Kursen vert ikkje oppdatert oftare enn ca ein til to gonger i minuttet. Det er ingen vits å hente tickeren oftare enn det.
  29. Har du ein personvernpolitikk?
    Eg lagrar minst mogeleg informasjon som kan brukast til å identifisere deg, og slettar det eg ikkje lenger har bruk for. (Det banken lagrar kan eg ikkje gjere noko med, og heller ikkje det som er lagra i blokkjeden.) Denne tenaren loggar berre det eg treng til feilsøking, og det er alt eg brukar loggane mine til. Eg utleverer ikkje data til nokon andre, korkje loggar eller informasjon om handlar, lagrar ikkje kaker i nettlesaren din og køyrer ingen analyseverkty for å kartleggje brukarane.
  30. Kor mange stadfestingar (confirmations) ventar du på før du sender pengar når du kjøper bitcoin?
    I utgangspunktet 6, men eg overfører ofte før. Absolutt minimum er 1.
  31. Kan eg låne bitcoin av deg?
    Nei. Dersom eg låner ut bitcoin, må eg handtere letigimasjon, lånekontrakter, oppkreving av pengar frå dårlege betalarar, osv. Det har eg ikkje tid til. Registrer deg heller på BTCpop, og få eit lån der. Du kan velje å knyte lånet opp mot USD i staden for bitcoin, i tifelle du vil sikre deg mot kursstigning på bitcoin. (Fall i kronekursen kan du ikkje sikre deg mot.)
  32. Hjelp, eg har fått løysepengevirus/cryptovirus/cryptlocker/etc!
    Somme av virus-variantane nyttar svak kryptering. Prøv å dekryptere filene med verktya frå No More Ransom før du betaler. Dei aller fleste får att filene sine ved å betale, men du får ingen garantiar av meg. Det har hendt at folk berre har fått dekryptert halvarten av filene sine, og utpressaren har forlengt meir pengar for å dekryptere resten.
  33. Det er tid for sjølvmelding att. Kva var kursen ved årsskiftet?
    Ved utgangen av 2016 køpte eg for 8363,0670 kroner/BTC, og selde for 8517,0870 kroner/BTC. Du kan multiplisere talet på bitcoin du eigde ved utangen av året med 8363,0670 for å få verdien av bitcoina dersom du hadde selt dei til meg ved årsskiftet 2016/2017.