Ny kvitvaskingslov og -forskrift

Måndag den 15. oktober 2018 vert ny kvitvaskingslov med forskrifter gjeldande. Då vert eg rapporteringspliktig etter kvitvaskingslova. Det vil fyrst og framst seie at eg må identifisere alle eg handlar med etter rigide reglar.

Eg har hatt korte fristar på alt. Finansdepartementet har skrive i forskrifta at "tilbydere av vekslingstjenester" er rapporteringspliktige, medan lova seier "vekslingsplattformer". Det er ikkje det same. Finanstilsynet har vore veldig seine med å komme med attendemelding om kva dei meiner er rapporteringspliktig, og konsekvensane for autokjøp-systemet vart ikkje klart før på slutten av denne veka, når eg var eg på haustferie med familien. Slik går det når departementet har hastverk, og ikkje har tenkt gjennom noko som helst.

Konsekvensen er at eg er nøydd til å samle inn ein heil del meir personinformasjon enn eg ynskjer. Eg lovar å ta godt vare på det du sender meg. Eg vil lagre det på ein kryptert partisjon som berre eg har passfrasen til, like sikkert som eg lagrar mi eiga bitcoin-lommebok. Det vil berre vere tilgjengeleg for meg, og ikkje delast med nokon andre, med mindre lova krev det. Eg må ta vare på dokumentasjonen i fem år etter at siste transaksjon er fullført.

For at du skal kunne kjøpe bitcoin av meg, eller selje bitcoin til meg, etter midnatt til 15. oktober 2018, treng eg fylgjande av deg:

Andre former for ID, som bankkort eller studieprov, er ikkje godkjent. Skriv adressa som ho står på eit brev. Dersom du handlar bitcoin for meir enn 100.000 kroner til saman, må eg ringe deg eller avtale ei videosamtale med deg, der du syner meg originalen av dokumentet du sendte inn. Dette er eg òg pålagd etter lov, forskrifter og rundskriv, som eg har lese mykje av dei siste dagane.

Om kort tid reknar eg med å ha oppe ein handelsplattform der du kan registrere deg med BankID, men no vart fristen for kort.

Dersom du vil sende meg bilete av pass eller førarkort via epost, kan du gjerne kryptere eposten med PGP. Nøkkelen min finn du her. Du kan òg sende meg ein attestert kopi av passet i papirpost. Då vil eg ikkje lagre det elektronisk.

Send dokumentasjon til [email protected] eller Sturle Sunde, Sørstrandvegen 6, 6906 Florø

Mini-FAQ:

  1. Rapporterer du alle transaksjonar?
    Nei, eg har plikt til å undersøkje transaksjonar som eg mistenkjer kan vere knytt til kvitvasking eller terrorfinansiering. Dersom undersøkingane mine ikkje avkreftar mistanken, må eg rapportere transaksjonen til Økokrim.
  2. Kven kan sjå informasjonen eg har sendt inn?
    Berre eg sjølv. Eg delar han ikkje med nokon andre, med mindre eg får pålegg om å dele han med politiet i samband med ei etterforskning. Finanstilsynet kan komme på tilsyn og krevje å få sjå dokumentasjonen min, for å sjekke at eg fylgjer rutinene mine. Når eg ein vakker dag får bankkonto til å starte firma, må du identifisere deg på nytt med nye vilkår, der selskapet får tilgang til informasjonen. Dersom eg har gjort spesielle notatar utanom den informasjonen du har sendt inn, til dømes om du er ein politisk eksponert person eller kvifor det ikkje er mistenkjeleg at du har ein haug bitcoin, kan eg la den informasjonen gå vidare inn i selskapet.
  3. Kor lenge lagrar du dokumentasjonen?
    Lova krev at eg lagrar identifikasjons-dokumentasjon i fem år etter vår siste transaksjon.
  4. Eg har oppretta ei autokjøp-avtale der pengane går til ein tredjepart. Må mottakar av pengane sende dokumentasjon?
    Nei. Dersom du vil påta deg ansvaret for autokjøp-avtaler med utbetaling til andre enn deg sjølv, er det heilt i orden. Eg krev ikkje at mottakar av pengane skal vere identifisert. Dette gjeld både nye og eksisterande adresser. Eg krev berre at avtala skal vere knytt til nokon med verifisert identitet.