Mva

Heilt sidan midlertidig omsetningsavgift (moms) på 1% vart innført i 1935, har avgifta vorte auka og utvida til stadig nye område, og er den viktigaste inntektsposten i statsbudsjettet. Det er eit uttalt mål at det skal vere mva på alt forbruk.

Fritak

Det er nokre logiske unnatak frå mva. Til dømes betaler du ikkje mva på gyldige betalingsmiddel. Når du tek ut 100 kroner i ein minibank, eller får att 100 kroner i vekslepengar i butikken, er ikkje dei 100 kronene forbruk. Forbruk er det først når du brukar pengane. Tilsvarande er det ikkje mva på gåvekort. Gåvekort er ikkje eksplisitt friteke i lova, men den same logikken gjeld. Kjøp av eit gåvekort er ikkje forbruk. Forbruket skjer når ein brukar gåvekortet til å kjøpe noko i ein butikk.

Bitcoin

Den 11. november 2013 kom Skattedirektoratet med ein prinsipputtale om bitcoin og skattemessige konsekvensar. Denne noko schizofrene uttalen definerer bitcoin både som formuesobjekt og ei teneste. (Dette er logisk inkonsekvent. Du skal betale formueskatt av formuesobjekt, men ikkje av tenester. Den doble definisjonen skaper problem for dei, men det er ei anna historie.)

Skattedirektoratet har med sin snevre visdom ikkje klart å finne ut at bitcoin berre kan brukast til betaling, som eit gåvekort, men hevdar i staden at bitcoin er ei elektronisk fjernleverbar teneste. I november 2013 kom dei med ei prinsipputtale der dei datt ned på den konklusjonen på bakgrunn av forarbeid til andre lover enn mva-lova, samstundes som dei ignorerte både logikken i mva-systemet og hovudpoenga i innstillinga frå Finanskomiteen då mva på elektroniske tenester vart vedteke i Stortinget. For meir detaljar om korleis Skattedirektoratet har klart å komme til dei grader på villspor, kan du lese denne bindande førehandsuttalen om mva på ei bitcoin-basert betalingsteneste.

Ingen andre land det er naturleg å samanlikne seg med har mva på bitcoin. Både Sverige, Finland, Danmark og Storbritannia har konkludert med at det ikkje er mva på handel med bitcoin, og heller ikkje på eventuelle handelsgebyr.

Konsekvensar

Konsekvensane av vedtaket er framleis uklåre. Skattedirektoratet jobbar med mange konkrete spørsmål om kven som er registreringspliktige osv, og det kjem nok til å ta mange år før vi får svar på alt, men enkelte tilfelle synest ganske klåre. Til dømes vil ein norsk kunde måtte betale 50% mva på varer kjøpt med bitcoin, dersom han vekslar til seg bitcoin frå eit norsk firma. Dersom nordmannen vekslar til seg bitcoin i utlandet, er det derimot mva-fritt. Det same gjeld om personen vekslar til seg bitcoin av ein privatperson.

I praksis er dette eit forbod mot å drive seriøst med bitcoin-handel i Noreg. Skattedirektoratet trur kanskje at dei får mindre å gjere dersom dei tvingar norsk næringsliv til å flytte til utlandet, eller kanskje dei innfører dobbel mva for å finansiere den kraftige auken i talet på tilsette i Skattedirektoratet dei siste åra. I praksis ender dei med meir jobb, fordi dei må svare på spørsmål som «Kan eg trekkje mva på renter på lån i bitcoin frå på skatten?»

Sjølv har eg aldri teke mva på veksling til og frå bitcoin, sidan eg meinar lova er heilt klår på at bitcoin er friteke. Men eg står på svak grunn, for eg er ikkje jurist. Dersom Skatteetaten meinar at det er juks, og det meinar dei sikkert, gjer dei slutt på handelen og krev inn mva for alt eg har selt til nordmenn og kjøpt av utlendingar, og alt eg har selt på børsar i utlandet fordi eg ikkje kan dokumentere om bitcion eg har selt der er selt til utlendingar eller nordmenn. Eg kan ta Skatteetaten til retten, og det vil ende med ei veldig dyr sak som kan dra ut i årevis. Kravet kan komme på over 100 millionar kroner dersom eg taper, og dersom dei reknar med robothandel på utanlandske børsar. Det seier seg sjølv at dette er mange gongar det eg har tent på handelen, med min margin på berre ca 2% mellom kjøp og sal.

Førebels held eg Skatteetaten i sjakk ved å sende dei spørsmål som dei ikkje kan svare på, men som er vesentlege for utrekning av mva, men det kan eg ikkje halde på med evig.

Dette er jo horribelt! Kva kan vi gjere med det?

I staden for å vente på at Skatteetaten skal stengje ned handelen og gå til sak som kan dra ut i fleire år og effektivt stanse all aktivitet med bitcoin i Noreg til saka er avgjort, kan vi prøve å få omgjort saka i departementet. Å gjere om lova er ei anna løysing, men det vil ikkje ha nokon konsekvensar for tidlegare handel. Dvs at Skatteetaten då likevel kan komme med mva-krav for all handel gjort fram til ei eventuell lovendring trer i kraft. Det same med endring av forskrift. Difor må vi endre tolkninga av dagens lovverk.

Etter å ha lese kronikken «Hvordan skattlegge internett?»" i Bergens Tidende, tok eg kontakt med kronikforfattaren for å be om ei meining om mva-spørsmålet. Det endte med eit tilbod frå Deloitte i Trondheim om å gå gjennom argumentasjonen til Skatteetaten og Skattedirektoratet og finne ut kor mykje hald det er i påstanden om at bitcoin er ei mva-pliktig elektronisk teneste. I tillegg skal dei finne ut om det er mogeleg å komme rundt problemet med mva ved til dømes å la handelen gå via eit utanlandsk selskap på ein måte som ikkje utløyser mva-registreringsplikt i Noreg. Denne jobben skal dei ha 37500 kroner for inkludert mva.

37500 kroner er mykje pengar for meg. Det er berre ca 2% mellom min kjøps- og salskurs. For å ha råd til det må eg kjøpe og selje bitcoin for nesten 2 millionar kroner. I beste bitcoin-ånd har eg difor starta eit Lighthouse-prosjekt der målet er å samle inn 20 BTC for å finansiere den juridiske gjennomgangen. Eg kjem sjølv til å donere halvparten av det som trengst når eg ser at målet vert nådd, og eg kjem til å bruke salskurs, ikkje kjøpskurs, for å konvertere kursen til NOK.

Mål

Dersom Deloitte konkluderer med at Skattedirektoratet har gjort venstrehandsarbeid, og det ikkje skal vere mva på bitcoin, kan vi bruke det mot Skattedirektoratet i eit forsøk på å få dei til å skifte meining. Vi kan òg bruke det mot Finansdepartementet i eit støyt for å få dei til å instruere Skattedirektoratet til å skifte meining. Når mva-problematikken er avgjort, vert det enklare å handle med bitcoin i Noreg. Både eg og andre kan lansere skikkelege tenester for kjøp og sal, og ikkje minst vert det mogeleg for norske butikkar å ta imot betaling i bitcoin utan eit komplisert mva-rekneskap med byte av tenester mot varer. I verste fall, at Skatteetaten går til søksmål mot nokon for å ikkje rekne mva på handel med bitcoin, er mykje av arbeidet til forsvaret gjort.

Eit mogeleg utfall er at Deloitte konkluderer med at Skattedirektoratet har rett. Då vil vi få skissert ei løysing der vi likevel kan komme unna kravet om mva ved å involvere utanlandske selskap, medan vi arbeider vidare på politisk nivå med å få endra lova.

Lighthouse

Lighthouse er ein bitcoin-basert crowdfunding-plattform. For å donere til prosjektet må du gjennom fylgjande enkle steg:

  1. Installer Lighthouse-klienten.
  2. Last ned prosjektfila.
  3. Trykk "Import project" og installer prosjektfila du lasta ned.
  4. Overfør bitcoin til lommeboka di i Lighthouse.
  5. Trykk "Pledge" for å donere.

Prosjektet vart fullfinansiert den 24. februar og Deloitte er i gong med arbeidet.

Takk!

Spesielt takk til Martin Lie for utlån av tenar og oppsett av Lighthouse på kort varsel, og takk til alle som har donert bitcoin til prosjektet!