Pris for kjøp/sal av 20 BTC på utvalde bitcoinbørsar

Kva du må betale for 20 BTC ved utvalde børsar. Alle kursar er omrekna til NOK med siste midtkurs frå Noregs bank. Spreaden er i prosent. Grafen vert oppdatert frå aktuell ordrebok annankvart minutt.

Dette er kun til opplysning. Eg tek ikkje ansvar for eventuelle feil i datagrunnlaget. Tilsvarande samanlikningar med 1 BTC, 5 BTC og 10 BTC.

Med gebyr

I det første settet har eg trekt frå/lagt til handelsgebyret for børsen. Dei siste tre er utan medrekna handelsgebyr

Mange av børsane har gebyr for innskot og/eller uttak. Det har eg ikkje rekna med. Det gjeld spesielt Bitstamp der du kan velje mellom pengeoverføring som tek ekstra lang tid med ekstra høgt fast gebyr, eller raskare overføring med lågt gebyr og to valutakursomrekningar. For alle utanlandske børsar må du ta høgde for overføringsgebyr og at banken tek sin del ved valutaveksling.

For børsane har eg brukt fylgjande handelsgebyr:
BørsgebyrKommentar, evt gebyr som ikkje er medrekna
Bitmynt.no0%Bitmynt.no har ingen gebyr. Kursen er den same uansett volum.
Bitstamp.net0,3%Her taper du ekstra mykje på bankgebyr og/eller veksling (NOK<->EUR<->USD) ved innskot og uttak. Redusert handelsgebyr dersom du handlar mykje.
bitcoinsnorway.com1%25 kroner + 1% av summen for uttak og 1% av summen for innskot. Effektivt over 2%.
paymium.com0,59%0,99 EUR gebyr for uttak av pengar. Bankgebyr og veksling til/frå EUR ved overføring.

Pris for å kjøpe 20 BTC i NOK inkludert handelsgebyr

Låg er bra

Det du får for 20 BTC i NOK inkludert handelsgebyr

Høg er bra

Spread inkludert handelsgebyr i prosent

Låg er bra

Utan gebyr

Desse grafane er utan medrekna handelsgebyr.

Pris for 20 BTC i NOK

Låg er bra

Det du får for 20 BTC i NOK

Høg er bra

Spread i prosent

Låg er bra