Takk for at Elektronisk Forpost Norge får delta her. Vi ynskjer å ta opp spesielle utfordringar rundt kryptovaluta og blokkjede-teknologi. Dette er banebrytande teknologi med potensiale for å innføre eit effektivt supplement til det etablerte finansielle systemet. For EFN er dei personvermessige eigenskapane til bitcoin og tilsvarande teknologi spesielt interessante. Kryptovaluta kan gjere internasjonal nettbetaling enkelt, sikkert og uavhengig av tredjepartar, og vil gjere det vanskelegare å overvake våre forbruksvanar. Kryptovaluta og blokkjede-teknologi vart oppfunne i 2009. Den gong som ein alternativ valuta og betalingsmiddel som kan brukast på nett på same måte som kontantar. Transaksjonar er pseudonyme og vert loggført i eit offentleg rekneskap som alle kan kontrollere. Med bitcoin kan både store og små transaksjonar gjennomførast raskt og friksjonsfritt. Sidan kryptovaluta eksisterer uavhengig av tradisjonell valuta, er det ikkje e-pengar. I utlandet har mange store bankar allereie teke i bruk bitcoin-teknologi for transaksjonar segimellom. Bankenes Standardiseringskontor ser på korleis slik teknologi kan brukast i norsk banksektor. Eg har drive med veksling mellom bitcoin og norske kroner sidan 2010 - sidan 2014 som sjølvstendig næringsdrivande. Våren 2011 spurde eg Skatteetaten om korleis eg skulle handtere inntekt i bitcoin skattemessig, og kva reglar som gjalt rundt mva på handel med bitcoin. Skatteetaten sendte spørsmålet vidare til Skattedirektoratet. Eg ventar framleis på fullstendig svar. I november 2013 kom Skattedirektoratet med den første avklaringa. Ein "prinsipputtale" som hevda at bitcoin ikkje er eit betalingsmiddel, men ei fjernleverbar elektronisk teneste. Dermed innførte dei mva på bitcoin, med det resultat at ein først må betale mva for bitcoin som ein vekslar til seg, og så må ein betale mva for vara ein kjøper for desse bitcoin. Då får ei vare dobbel mvam -- dersom kunden vekslar til seg bitcoin i Noreg. Skattedirektoratet har til dags dato ikkje klart å definere kven som leverer tenesta, og dermed er mva-pliktig, for veksling som går gjennom bitcoin-børsar i utlandet. Fire år etter at eg tok opp spørsmålet, er det heilt umogeleg å føre eit komplett mva-rekneskap for eit firma som handlar med bitcoin. Professor Gjems-Onstad føreslo i dag tidleg å samordne innføring av mva på finansielle transaksjonar med EU. Forarbeida til tidlegare mva-lover legg stor vekt på at unnataka for finansiell sektor skal vere like våre næraste handelspartnarar i EU og Norden, og eg har ofte brukt dei som referanse i mangel av rettleiing frå Skatteetaten. Dersom vi innfører heilt andre reglar, må Skatteetaten og -direktoratet få absolutte svarfristar, og Skatteklagenemnda må kunne ta opp prinsipputtaler som ikkje er enkeltvedtak. I ny mva-lov må alle betalingsmiddel som ikkje har nokon annan funksjon enn betalingsmiddel definerast som betalingsmiddel. Dersom ein slik definisjon har side-effektar, er det mogeleg å definere til dømes private pengar eller ei kontoføringseining, slik andre land har gjort, for å skape eit skilje mellom tradisjonell valuta og ulike andre pengesystem. Framlegget som ligg føre, har nokre andre utfordringar. EFN vil ikkje meine noko om korvidt vi skal innføre mva eller avgifter på finansielle tenester, men vi har meiningar om korleis kryptovaluta skal handterast dersom avgifter vert innført. Lova må ta omsyn til at transaksjonar med kryptovaluta ikkje kjenner landegrenser. Berre ved veksling mellom kryptovaluta og nasjonal valuta, og ved betaling for varer og tenester, er det praktisk mogeleg å ha kontroll og ileggje eventuelle avgifter. Der kan det vere fornuftig at eventuelle avgifter er like dei ein har ved veksling mellom norske kroner og utanlandsk valuta. Slik framlegget står, er firma som berre driv med kryptovaluta og veksling mellom kryptovaluta og norske kroner fritekne, medan ein konsesjonspliktig finansinstitusjon som gjer det same vil vere avgiftspliktig. Det meinar vi er er i strid med nøytralitetsprinsippa, til fordel for dei som driv uregulert. Det kan i sin tur føre til eit prematurt reguleringspress. Etter vår meining vil det heller vere naturleg å la arten av tenesta som vert utført avgjere om ho er avgiftspliktig eller ikkje. Teknologien er i rivande utvikling. Det finst alternative blokk-kjedar som er meir tilpassa handel med aksjar, valuta, rentebærande obligasjonar og lån, og alle mogelege finansielle instrument basert på dette. Kryptovaluta kjenner ingen grenser og bransjen er i sin natur internasjonal. Det er viktig å gå forsiktig fram med både regulering og avgifter, for å unngå reguleringsmessig arbitrasje, og leggje til rette for at noko av denne innovasjonen kan føregå i Noreg. Eg har delt ut eit ark med dei viktigaste poenga, og vonar dei vert vektlagt under arbeidet med den nye lova.