Autokjøp
OBS! Frå midnatt til 15. oktober gjeld ny kvitvaskingslov og -forskrift.  Då må alle som vil handle bitcoin verifisere identiteten sin.
Det er veldig enkelt å selje bitcoin til meg gjennom autokjøp.  Systemet er
automatisk og fungerer heile døgeret.  Ta kontakt på IRC eller e-post til 
[email protected] 
og oppgi namn og kontonummer.  I retur får du ei unik bitcoin-adresse som 
er knytt til din konto.  Eg kjøper automatisk alle bitcoin du overfører 
til den adressa og overfører pengane til kontonummeret du oppga.  Kursen 
du får er kjøpskursen min i det noden min oppdagar transaksjonen.  Dermed 
kan du selje fort når kursen er god.  Ei overføring frå di eiga lommebok 
bør vere framme innan eit par sekund, med mindre du har sett veldig låg 
txfee.  Ver obs på at bitcoin-uttak frå børsar og liknande kan ta fleire 
minutt.
Mindre summar, opp til 100.000 kroner, sender eg med ein gong overføringa er 
stadfesta.  Dersom du sel for meir enn 100.000 kroner på ein dag, kan det 
hende at eg set forfall til dagen etter.  Ved svært store handlar kan det 
ta lengre tid, eller pengane kan komme i fleire utbetalingar.  Fint om du 
tek kontakt på førehand for å avtale nærare om handlar over 1.000.000 kroner.
Myntar som kjem inn til den gamle typen autokjøp-adresser, dei som byrjar 
med 1, er mykje dyrare for meg å bruke.  Frå måndag 15. januar kjem eg difor 
til å trekkje frå 0.0001 BTC i gebyr for transaksjonar sendt til den gamle 
typen autokjøp-adresser.  Du kan konvertere frå gammal adresse til ny 
her.
Det er igrunn alt.  Ein friksjonsfri måte å konvertere bitcoin til norske 
kroner rett inn på konto.
Mini-FAQ:
- 
Kan eg bruke adressa fleire gonger?
 Ja, det kan du.  Når som helst og so mange gonger du ynskjer.
- 
Går adressa ut på dato?
 Nei.  Eg annonserer i god tid før eg evt legg ned heile tenesta.
- 
Er det nokon gebyr på tenesta?
 Eg trekk frå 0.0001 BTC i gebyr for overføringar til den gamle typen adresser
(1...) frå og med 15. januar 2018.  Gebyret er lågare enn ekstrakostnaden 
min når eg sender desse myntane vidare.
- 
Eg skal selje for over 1 million kroner, og får ikkje tak i deg, kva 
gjer eg?
 Berre overfør.  I verste fall tek det lengre tid før du får pengane, eller 
dei kjem i fleire avdrag.  Av og til må eg "snu" pengestraumane mine, og det 
kan ta litt tid, elles tek det mykje lengre tid før du har bitcoin.
- 
Får eg kvittering?
 Bankoverføringa med x BTC som melding held som bilag i rekneskapen for dei 
fleste.  Når eg ein vakker dag får tid, skal eg generere kvitteringar 
automatisk og sende ut med epost til alle som ynskjer det.  I mellomtida 
må du be spesielt om det, dersom du treng ei ekstra kvittering.
- 
Eg sette for liten txfee.  Kan eg oppdatere med høgare txfee?
 Pga fare for misbruk av denne funksjonen til å få betre kurs ved stigande 
kursar, vil ei slik oppdatering av transaksjonen medføre at du får den 
lågaste kursen av dei som var gjeldande då noden min oppdaga den fyrste 
transaksjonen og då han oppdaga den andre.  Med mindre det hastar veldig 
for deg å få utbetalt pengane, er det betre å vente på at den fyrste går 
gjennom.