Autokjøp

OBS! Frå midnatt til 15. oktober gjeld ny kvitvaskingslov og -forskrift. Då må alle som vil handle bitcoin verifisere identiteten sin.

Det er veldig enkelt å selje bitcoin til meg gjennom autokjøp. Systemet er automatisk og fungerer heile døgeret. Ta kontakt på IRC eller e-post til [email protected] og oppgi namn og kontonummer. I retur får du ei unik bitcoin-adresse som er knytt til din konto. Eg kjøper automatisk alle bitcoin du overfører til den adressa og overfører pengane til kontonummeret du oppga. Kursen du får er kjøpskursen min i det noden min oppdagar transaksjonen. Dermed kan du selje fort når kursen er god. Ei overføring frå di eiga lommebok bør vere framme innan eit par sekund, med mindre du har sett veldig låg txfee. Ver obs på at bitcoin-uttak frå børsar og liknande kan ta fleire minutt.

Mindre summar, opp til 100.000 kroner, sender eg med ein gong overføringa er stadfesta. Dersom du sel for meir enn 100.000 kroner på ein dag, kan det hende at eg set forfall til dagen etter. Ved svært store handlar kan det ta lengre tid, eller pengane kan komme i fleire utbetalingar. Fint om du tek kontakt på førehand for å avtale nærare om handlar over 1.000.000 kroner.

Myntar som kjem inn til den gamle typen autokjøp-adresser, dei som byrjar med 1, er mykje dyrare for meg å bruke. Frå måndag 15. januar kjem eg difor til å trekkje frå 0.0001 BTC i gebyr for transaksjonar sendt til den gamle typen autokjøp-adresser. Du kan konvertere frå gammal adresse til ny her.

Det er igrunn alt. Ein friksjonsfri måte å konvertere bitcoin til norske kroner rett inn på konto.

Mini-FAQ:

  1. Kan eg bruke adressa fleire gonger?
    Ja, det kan du. Når som helst og so mange gonger du ynskjer.
  2. Går adressa ut på dato?
    Nei. Eg annonserer i god tid før eg evt legg ned heile tenesta.
  3. Er det nokon gebyr på tenesta?
    Eg trekk frå 0.0001 BTC i gebyr for overføringar til den gamle typen adresser (1...) frå og med 15. januar 2018. Gebyret er lågare enn ekstrakostnaden min når eg sender desse myntane vidare.
  4. Eg skal selje for over 1 million kroner, og får ikkje tak i deg, kva gjer eg?
    Berre overfør. I verste fall tek det lengre tid før du får pengane, eller dei kjem i fleire avdrag. Av og til må eg "snu" pengestraumane mine, og det kan ta litt tid, elles tek det mykje lengre tid før du har bitcoin.
  5. Får eg kvittering?
    Bankoverføringa med x BTC som melding held som bilag i rekneskapen for dei fleste. Når eg ein vakker dag får tid, skal eg generere kvitteringar automatisk og sende ut med epost til alle som ynskjer det. I mellomtida må du be spesielt om det, dersom du treng ei ekstra kvittering.
  6. Eg sette for liten txfee. Kan eg oppdatere med høgare txfee?
    Pga fare for misbruk av denne funksjonen til å få betre kurs ved stigande kursar, vil ei slik oppdatering av transaksjonen medføre at du får den lågaste kursen av dei som var gjeldande då noden min oppdaga den fyrste transaksjonen og då han oppdaga den andre. Med mindre det hastar veldig for deg å få utbetalt pengane, er det betre å vente på at den fyrste går gjennom.