Eg må lagre dokumentasjon på kvar handel. Dette inkluderer loggar av kommunikasjon på epost og IRC, samt referat over kva som har vore sagt i telefon- og videosamtaler.
Situasjonar der lova krev at eg deler informasjon med andre kan vere rapport om mistenkjeleg transaksjon til Økokrim eller pålegg om utlevering om informasjon som vedgår ei spesifikk sak frå politiet. Skatteetaten har òg vide fullmakter til å krevje informasjon utlevert. Finanstilsynet kan komme på tilsyn og krevje å få sjå dokumentasjonen min, for å sjekke at eg fylgjer rutinene mine.
Nettsidene mine set ingen kaker i nettlesaren som kan brukast til å identifisere deg. Cloudflare, som eg brukar mot DDoS-åtak, set ei kake for eigne føremål.
I løpet av året vil eg konvertere til aksjeselskap. Då må du identifisere deg på nytt med nye vilkår, der tilsette med legitimt behov kan få tilgang til informasjon dei har bruk for for å utføre arbeidet sitt. Dersom eg har gjort spesielle notatar utanom den informasjonen du har sendt inn, til dømes om du er ein politisk eksponert person eller kvifor det ikkje er mistenkjeleg at du har ein haug bitcoin, kan eg la den informasjonen gå vidare inn i selskapet.
Lova krev at eg lagrar identifikasjons-dokumentasjon i fem år etter vår siste transaksjon. Dersom du identifiserer deg for å inngå eit kundeforhold, men ikkje utfører nokon transaksjonar, slettar eg den og etter fem år, eller du kan be meg om å slette informasjonen tidlegare.
Kontakt [email protected] ved spørsmål om rutinene eller ynskje om sletting