Pressemelding:

Sunde bitmynthandel har fått bedriftskonto!

Etter snart seks års kamp mot bankane for retten til å drive næring, har Sturle Sunde endeleg fått bedriftskonto til enkeltmannsføretaket Sunde bitmynthandel.

Det har ikkje vore enkelt å få bedriftskonto til å drive vekslingsteneste for virtuell valuta. Etter å ha fått avslag på avslag frå mange bankar, ofte utan at banken har gjort ei individuell vurdering, saksøkte til slutt Sunde Sparebanken Sogn og Fjordane i mars i år. Etter å ha vore i dialog med Finanstilsynet kasta Sparebanken Sogn og Fjordane inn handkledet, og vart den fyrste banken til å tilby bedriftskonto.

– Etter å ha innhenta uttale frå Finanstilsynet har vi gjort ei ny vurdering av saka, og kjem til at vi tilbyr Dykk opning av bedriftskonto for næringsverksemda Dykkar, seier Sparebanken Sogn og Fjordane i eit brev.

– No er eg framme på startstreken. Eg har søkt om plass i inkubatoren til Aksello her i Florø, og reknar med å skape fleire nye arbeidsplassar i byen, seier Sunde.

Sturle Sunde har framleis ei rettssak gåande mot Nordea. Ankesaka skal opp i Borgarting lagmannsrett i desember. Han reknar med å ha gode sjansar til å vinne den saka, sjølv om ho er mindre aktuell no når føremålet er oppnådd i ein annan bank.

– Saken mot Nordea er styrket etter at Finanstilsynet kom på banen og gjorde det klart at banker ikke bare kan avvise kunder på grunn av generell risiko, men må gjøre en individuell vurdering, seier advokat Amund Noss, som fører saka for Sunde.


Florø, 24. mai 2019

Kontaktpersonar: Sturle Sunde, [email protected] tlf: 57 02 18 56

Amund Noss, [email protected] tlf: 911 92 448