Dette er kun til opplysning. Eg tek ikkje ansvar for eventuelle feil i datagrunnlaget. Tilsvarande samanlikningar med 1 BTC, 10 BTC og 20 BTC.
Mange av børsane har gebyr for innskot og/eller uttak. Det har eg ikkje rekna med. Det gjeld spesielt Bitstamp der du kan velje mellom pengeoverføring som tek ekstra lang tid med ekstra høgt fast gebyr, eller raskare overføring med lågt gebyr og to valutakursomrekningar. For alle utanlandske børsar må du ta høgde for overføringsgebyr og at banken tek sin del ved valutaveksling.
For børsane har eg brukt fylgjande handelsgebyr:
Børs | gebyr | Kommentar, evt gebyr som ikkje er medrekna |
---|---|---|
Bitmynt.no | 0% | Bitmynt.no har ingen gebyr. Kursen er den same uansett volum. |
Bitstamp.net | 0,4% | Her taper du ekstra mykje på bankgebyr og/eller veksling (NOK<->EUR<->USD) ved innskot og uttak. Redusert handelsgebyr dersom du handlar mykje. |
bitcoinsnorway.com | 1% | 25 kroner + 1% av summen for uttak og 1% av summen for innskot. Effektivt over 2%. |
paymium.com | 0,59% | 0,99 EUR gebyr for uttak av pengar. Bankgebyr og veksling til/frå EUR ved overføring. |