Farlege råd frå Jan Ludvig Andreassen

Dette er kopi av ein epost eg sendte til Jan Ludvig Andreassen etter eit innlegg han posta på bloggen sin i dag. Eg tek ikkje opp mykje av det som står der, for mykje er fylgjefeil av at han ikkje veit korleis bitcoin fungerer, men spesielt eitt av råda som står der reagerer eg på som veldig farleg.

Mitt svar

Eg las blogginnlegget ditt "Kryptoreguleringer er på vei", og der står det eit veldig farleg råd:
"Selv anbefaler jeg folk å holde tre måneders lønn i kontanter. Gjerne på en sparekonto, men uten rentebinding – alltid klare til å løse flokene som måtte oppstå."
Nei, pengar på konto er ikkje kontantar. Dette har eg mykje erfaring med. Eg har vore market-maker for bitcoin i Noreg sidan 2010, og driv no ei enkel vekslingsteneste på https://bitmynt.no/

Under den greske gjeldskrisa innførte Hellas strenge restriksjonar på kor mykje bankkundar fekk lov til å ta ut av banken, for å hindre total bankkollaps. Då fekk eg eit fleire titals nye kundar – grekarar med jobb i Noreg. Dei kjøpte bitcoin, som dei sendte heim til familien i heimlandet. Bitcoin og kontantar var dei einaste likvide betalingsmiddela dei hadde, og kontantar var mangelvare. Få hadde tillit til at bankane overlevde til dagen etter. Dei som kunne betale med bitcoin i Hellas på den tida fekk langt over marknadskurs.

Sjølv opplevde eg stadig å få mine eigne bankkonti frosne i mange år og måtte kjempe ein kamp i retten mot bankar med uendeleg budsjett. Til slutt sette Finanstilsynet ned foten og Nordea inngjekk forlik. Av dette lærte eg at pengane eg har i banken er ikkje mine eigne, dei er banken sine. Oppstår det eit eller anna problem, set banken sine eigne interesser fyrst, og du får dei ikkje ut.

Den dag i dag finst det bankar som nektar kundar å bruke gevinst frå handel med bitcoin til enkelte føremål. Ein av mine kundar skulle betale eit hus med bitcoin, men det nekta banken han. I staden selde han bitcoin til meg, som betalte ut pengane rett til seljaren av huset. Etterpå tok han opp lån på huset og kjøpte seg inn att i bitcoin, for då hadde han lært at pengar på konto kan vere verdilause. Dei er i alle fall ikkje likvide.

Eit anna poeng er at sentralbanken berre garanterer for kontantar, ikkje bankinnskot. Bankinnskot er i beste fall garantert av banksikringsfondet, so lenge det varer, men berre opp til 2 millionar kroner og det kan ta lang tid frå banken får problem til du får utbetalt pengane i kontantar frå banksikringsfondet. I verste fall får du pengane utbetalt til ein annan bank, og er like langt.

Pengar på konto i banken er kort og godt ubrukelege i ei økonomisk krise, og det bør du som makroøkonom vite.

Til og med kontantar kan vere ubrukelege i ei økonomisk krise. Sjå til Venezuela og Tyrkia. Dei har ikkje sett nokon kursnedgang i bitcoin. Tvert imot er det kontantane som mister meir og meir av verdien.

Elles ser eg:

"Jeg aner for øvrig ikke hvordan kryptovalutaer bør prises. How should I know and why should I care. Krypto er ikke en del av mitt investeringsunivers. Det burde heller ikke være en del av ditt."
Kan det hende du bør setje deg inn i dette før du skriv eit so skråsikkert blogginnlegg? Det er veldig enkelt å forstå korleis bitcoin fungerer og korleis bitcoin får verdi – mykje enklare å forstå enn norske kroner. Eg veit nøyaktig kor mange bitcoin som er i omløp på eitkvart tidspunkt. Med norske kroner er det i praksis ingen som veit. Eg trur det er fleire som forstår bitcoin enn det er som forstår korleis norske kroner vert til og korleis dei får sin verdi.
“It is well enough that people of the nation do not understand our banking and monetary system, for if they did, I believe there would be a revolution before tomorrow morning.” – Henry Ford