Generelle vilkår for handel

  1. Når du handlar på IRC, avtaler vi normalt å bruke kursen som gjeld når vi inngår avtale. Avtala er i so fall bindande for begge partar. Vi kan avtale at du får bitcoin i samsvar med kursen som gjeld når eg sender bitcoin i staden, men då må du be om det.
  2. Eg aksepterer handel via e-post, men då får du alltid kursen som gjeld når eg ser at pengane har komme inn på konto. Eg tek ikkje ansvar for svingningar i kursen i nokon retning.
  3. Ikkje send pengar før handelen er avtalt! Då risikerer du å betale for bitcoin som andre har kjøpt.
  4. Overfør pengar med ein gong etter at handelen er avtalt, slik at dei går med første overføring mellom bankane etter at handelen er avtalt.
  5. Overfør nøyaktig sum på øret! Sjå på summen som ein KID.
  6. Pengane skal komme frå din eigen bankkonto. Dersom du skal kjøpe for nokon andre, eller betale med kredittkort, må du overføre pengane til din eigen konto fyrst.
  7. Ved altfor sein betaling kan eg ha sletta det opphavelege tilbodet. Då brukar eg kursen som gjeld når pengane er framme når eg sender bitcoin.
  8. Når alle vilkåra er oppfylgde, og eg ikkje har grunn til å mistenke noko muffens, sender eg bitcoin so snart som praktisk mogeleg etter at pengane er framme på konto.

OBS: Ved brot på vilkåra, spesielt om førehandsavtale, nøyaktig sum og tidspunkt for overføring, kan det hende at eg oppfattar di overføring som betaling for bitcoin eg har selt til nokon andre. Eg refunderer ingenting i slike tilfelle. Det er svært viktig at du tek kontakt med ein gong dersom noko gjekk gale under betaling.

Ved brot på eit av vilkåra, vil eg som regel sjekke litt ekstra for å forsikre meg om at det ikkje er svindel. Då kan det ta 1-2 dagar før eg overfører bitcoin. Det kan òg hende eg vil kontrollere identiteten din.

Bruk gjerne IRC-nicket ditt, e-postadressa di eller dei siste fem teikna i bitcoin-adressa di som melding på bankoverføringa, slik at eg har noko å gå etter dersom summen er feil og eg ikkje finn ut kva handel overføringa gjeld. Ikkje bruk meldingsfeltet til tull eller prøv å gi inntrykk av at du kjøper noko anna enn bitcoin. Du lurer ingen, og det medfører meirarbeid for meg fordi eg må undersøke om det kan vere svindel. Då er det kort veg til svartelista.