Eg har handla med Bitcoin på #bitcoin-otc sidan hausten 2010, og har opparbeidd meg ein del referansar der. Målet med handelen er og har alltid vore å gjere bitcoin lett omsetteleg for norske kroner. Kursane er so gode som dei kan vere utan at eg går med tap.

Oppgjer går via vanleg norsk bankoverføring. Om du vil selje bitcoin til meg, kan du gjere det når som helst etter å ha sett opp autokjøp. Om du vil kjøpe, avtaler eg helst handelen på IRC. Kontakt sturles på IRC-nettet libera.chat og sjekk at eg er meg slik: /msg gribble ident sturles

Om du ikkje har ein eigna IRC-klient tilgjengeleg, kan du prøve web-klienten. Tast inn eit passande kallenamn og la channels stå tom. Skriv "/q sturles" for å opne ei samtale med meg. Fortvil ikkje om eg ikkje svarer med ein gong. Eg sit ikkje ved skjermen kontinuerleg, har familie som har prioritet utanom vanleg arbeidstid. Vent og du skal få svar. Eg er lettast å nå mellom 8 og 16,

Om du ikkje får tak i meg og det hastar å handle, kan du prøve annonsene mine på Localbitcoins. Kursen der er litt dårlegare fordi Localbitcoins tek 1% i gebyr, og pga større risiko for svindel og meirarbeid rundt dette.

Dei opplyste kursane på framsida gjeld akkurat no. Han er utrekna etter gjeldande marknadskurs og volatilitet på andre børsar, og min eigen balanse mellom bitcoin og pengar på konto. Når du handlar på IRC kan vi avtale å bruke kursen som gjeld når vi inngår avtale (avtala er i so fall bindande) eller kursen som gjeld når eg ser pengane på min konto.

Eg aksepterer handel via e-post, men då får du alltid kursen som gjeld når eg ser at pengane har komme inn på konto. (Epost med spørsmål om å kjøpe x bitcoin vert ignorert, for eg kan ikkje på nokon måte vite kva x bitcoin kostar når pengane er framme.) Eg tek ikkje ansvar for svingningar i kursen i nokon retning. Du må du skrive kor mange kroner du ynskjer å kjøpe for og kva bitcoin-adresse eg skal sende bitcoin til. Du får svar med ein unik sum du skal overføre (vil avvike frå den du ba om med opp til 3 kroner) og eit kontonummer. Når eg ser pengane på konto får du bitcoin til kursen som gjeld då.

Ver so snill, ikkje send meg epost for å spørre om noko som står i FAQen. Eg brukar mykje tid kvar dag på å svare på dei spørsmåla via epost.

Det er ikkje lov å avtale handel for tredjepart. Pengane skal komme frå deg. Dette pga risiko for svindel og kvitvasking av pengar.

Ikkje send pengar før handelen er avtalt! Eg har som regel plenty BTC og valuta på børsen, men lageret er ikkje uendeleg. Du risikerer dessutan å betale for nokon andre sin ordre, og eg tek ikkje noko som helst ansvar for feilsende bitcoin fordi du har overført pengar utan avtale. Sjå vilkår for handel.

For handel som er avtalt med fastsett kurs skal nøyaktig sum sendast med ein gong etter at handelen er avtalt, slik at pengane går med første overføring mellom bankane etter at avtala er gjort. Her er omtrentlege fristar og tidspunkt for dei fem daglege overføringane mellom norske bankar i NICS. 09:35-overføringa er ikkje tilgjengeleg for privatkundar før i slutten av januar, i fylgje EVRY:

sendt førframme kl
00:1505:35
07:3009:35
10:0011:35
12:0013:35
14:0015:35
Dersom du bryt vilkåret om å overføre nøyaktig sum med ein gong etter avtalt handel, kan det hende eg ynskjer å gjere litt ekstra sjekkar for å forsikre meg om at det ikkje er svindel. Då kan det ta 1-2 dagar før eg overfører bitcoin. Ved for alt for sein betaling, kan eg ha sletta det opphavelege tilbodet. Då brukar eg kursen som gjeld når pengane er framme og eg sender bitcoin. Dersom pengar kjem frå ulike personar eller med meldingar som ikkje gjev meining, kan det og hende at eg utset overføring av bitcoin medan eg forsikrar meg om at det ikkje er svindel eller handel for tredjepart. OBS: Mange bankar har tidlegare frist, og NICS oppgjev tidspunkta som omtrentlege. Bankane overfører berre måndag til fredag. Fredag 13:30 kan vere siste frist for overføring om du treng bitcoin før helga.

For privat kommunikasjon har eg tre alternativ:

IRC med OTR, fingerprint: 4D3A0634 F0E09C96 FCAC030B E34C321E BE64E49C
Jabber/XMPP: [email protected]
Kryptert e-post: Sturle Sunde <[email protected]> (PGP-nøkkel)
Sneglepost: Sturle Sunde, Sørstrandvegen 6, 6900 Florø

Om personvern og anonymitet: Eg tek personvern alvorleg. Eg slettar regelmessig informasjon som ikkje lenger trengst og utleverer berre informasjon dersom eg må, eller dersom nokon har brukt mine tenester til å svindle eller kriminalisere meg eller andre. Sagt på ein annan måte: Dersom du prøvar å få meg i fengsel for kvitvasking, utpressing, heleri, svindel eller anna, utleverer eg heller informasjonen eg har om deg enn å risikere både fengsel og utlevering av all informasjon eg har om alle.