Gebyrjustert kurs- og spreadhistorikk for utvalde bitcoinbørsar

Grafen inkluderer dei børsane det er met aktuelt for nordmenn å handle med. Alle kursar er omrekna til NOK med siste midtkurs frå Noregs bank. Spreaden er i prosent. Alle kursar er frå den offisielle tickeren henta ut via APIet til børsen ein gong i minuttet.

Dette er kun til opplysning. Eg tek ikkje ansvar for eventuelle feil i datagrunnlaget.

Med gebyr

I det første settet har eg trekt frå/lagt til handelsgebyret for børsen. Fleire av børsane har rabatt for kundar som handlar mykje, og gebyret ditt kan difor vere lågare. Merk og, spesielt om du handlar mykje, at grafane berre syner kursen for beste bod og tilbod, anten dette er 0.00001 BTC eller 100 BTC. Du får kjøpt eller selt 0.00000001 BTC til den kursen, men sannsynlegvis ikkje 20.

Bitmynt.no handlar med fastkurs. Der er kursen den same anten du kjøper 0.01 eller 20 BTC. For å sjå effekten av dette har eg lagd grafar over kva du må betale / får att ved kjøp/sal av 1, 5, 10 og 20 BTC.

Mange av børsane har gebyr for innskot og/eller uttak. Det har eg ikkje rekna med. Det gjeld spesielt Bitstamp der du kan velje mellom pengeoverføring som tek ekstra lang tid med ekstra høgt fast gebyr, eller raskare overføring med lågt gebyr og to valutakursomrekningar. For alle utanlandske børsar må du ta høgde for overføringsgebyr og at banken tek sin del ved valutaveksling.

For børsane har eg brukt fylgjande handelsgebyr:
BørsgebyrKommentar, evt gebyr som ikkje er medrekna
Bitmynt.no0%Bitmynt.no har ingen gebyr. Kursen er den same uansett volum.
Bitstamp.net0,4%Her taper du ekstra mykje på bankgebyr og/eller veksling (NOK<->EUR<->USD) ved innskot og uttak. Redusert handelsgebyr dersom du handlar mykje.
bitcoinsnorway.com1%25 kroner + 1% av summen for uttak og 1% av summen for innskot.
justcoin.com0,5%10 kroner gebyr for uttak av pengar. 0.00025 BTC gebyr for bitcoin-uttak. Redusert handelsgebyr for dei som handlar mykje.
paymium.com0,59%0,99 EUR gebyr for uttak av pengar. Bankgebyr og veksling til/frå EUR ved overføring.

Grafane er kutta ved gjennomsnittskurs +/- 5% for at ikkje børsar med lita ordredjubde skal gjere det umogeleg å samanlikne meir relevante børsar.

Beste salskurs i NOK inkludert handelsgebyr (låg er bra)

Beste kjøpskurs i NOK inkludert handelsgebyr (høg er bra)

Spread inkludert handelsgebyr i prosent (låg er bra)

Utan gebyr

Desse grafane er utan medrekna handelsgebyr.

Beste salskurs i NOK

Låg er bra

Beste kjøpskurs i NOK

Høg er bra

Spread i prosent

Låg er bra