Ny ID-løysing

Etter at ny kvitvaskingslov vart gjeldande frå 15. oktober 2018, har eg brukt mesteparten av tida på identifikasjon av kundar. Eg har gjort det manuelt i mangel av ei god løysing. Slik eg vurderer det er ikkje BankID ei god løysing for meg, fordi mykje av det eg slit med er svindel med BankID.

No har vi eit nytt opplegg for identifikasjon og kundekontroll til alfa-testing. Det har to komponentar. Eit skjema som du fyller ut i nettlesaren og Nets Passport Reader som verifiserer at du er den du påstår ved å samanlikne informasjon frå passet ditt med ein selfie du tek av deg sjølv med ein app på mobil eller nettbrett.

Teknisk

Det eg er aller mest nøgd med i det nye systemet er personvern og datatryggleik. Skjemaet vert kryptert med PGP av nettlesaren din før det går til tenaren som tek imot det. Det er ikkje mogeleg å dekryptere dataane på tenaren. Sjølv om nokon klarer å knekke https-krypteringa mellom tenaren og nettlesaren din, får dei ikkje sjå kva du sender inn. Skjemaet vert flytta via omvegar til ei sikker maskin som har nøkkelen til å dekryptere innhaldet i skjemaet, der det vert kontrollert, risikovurdert, samanlikna med data frå Nets og lagra i ein kryptert database. Dermed er dine data sikre sjølv om nokon klarer å hacke seg inn i alle dei kjende tenarane til bitmynt.no. Tryggleiken på eit nivå langt over det som er vanleg i bransjen, og det skal han vere.

Alfa-test vil seie at systemet framleis ikkje er heilt klårt. Det manglar framleis litt på automatisering i bakkant før alt er på plass. Førebels vert data kryptert med min private PGP-nøkkel og personvernreglane seier at berre eg har tilgang til dataane. Når meir er på plass i bakkant vil eg endre vilkåra ved å leggje til at tilsette i Bitmynt AS med legitimt behov for innsyn òg vil få tilgang. Det er naudsynt for å få til ein smidig overgang frå Sunde bitmynthandel til Bitmynt AS. Då må alle legitimere seg på nytt, sidan Bitmynt AS ikkje vil få tilgang til personinformasjon eg har registrert no. Før det kan skje må vi ha opp litt meir av den nye handelsplattformen vi utviklar.

Med det nye systemet kan det likevel hende at vi må ringe deg eller be om meir dokumentasjon frå deg før du kan handle, men for dei fleste vil det vere nok å fylle ut skjemaet og identifisere seg med Nets Passport Reader.

Ja, forresten: Dersom du har ein telefon eller nettbrett som ikkje er støtta av Nets Passport Reader, er det trygt å låne ein annan sin. Ingenting vert lagra i appen eller på telefonen.