Kommande endringar

Bitmynt.no er i endring

Mykje har skjedd sidan eg gjorde mi fyrste vesling av bitcoin mot norske kroner på IRC i november 2010, men lite har skjedd med bitmynt.no sidan eg byrja å publisere kursane mine her i 2012 på enkle nettsider bygd med det eg hadde lærte meg om HTML midt på 1990-talet. Mykje motgang frå bankar og andre har gjort meg ganske risiko-avers. Å tilsette folk for å få betre skikk på nettsider og anna har vore ein stor risiko å ta når eg ikkje veit om eg har bankkonto og inntekt frå ein dag til neste. I staden har eg prøvd å halde på kundane mine og oppretthalde eit høgt handelsvolum for å kunne tene nok pengar til at det går rundt økonomisk.

Nye regulatoriske krav og ein vanvittig pågang av både nye og gamle kundar har gjort at dette ikkje går lenger. Eg har ikkje lenger kapasitet til å handtere alle handlane manuelt, og fleire konkurrentar har komme på bana med mykje kapital i ryggen. Dei lokkar til seg dei nye kundane, og eg er i ferd med å miste grepet som den største bitcoin-handlaren i Noreg. Det har eg ikkje tenkt å late skje. Difor har eg tilsett tre personar til for å profesjonallisere tenesta, og eg er på jakt etter fleire med rett kompetanse.

Overordna plan

Ny handelsplattform

Utviklarane mine lagar no ein ny automatisert handelsplattform. Dette skjer i eit eige firma. Den nye plattformen vert utvikla med tanke på fleire virtuelle valutasortar. Her på bitmynt.no kjem vi til å halde fram med å berre veksle bitcoin, men vi vil leige ut plattformen til andre som ynskjer å tilby veksling av annan virtuell valuta i Noreg eller andre land.

Vi kjem til å ta i bruk komponentar frå den nye plattformen etter kvart som dei vert ferdige, eller før for å teste. Den nye registreringa basert på Nets Passport Reader er eit døme på det. Her har vi brukt nokre komponentar som skal inn i den nye plattformen for å kunne gjere sikker identifikasjon av kundar for Sunde bitmynthandel utan videosamtale. Det har vore hyggeleg å snakke med alle større kundar på video i meir enn to år, men det skalerer ikkje.

Den nye plattformen vert ei vekslingsteneste, på linje med den eg driv no. Ikkje ein børs. Verda har meir enn nok bitcoin- børsar med lite likviditet i ordrebøkene, og dei vert stadig hacka eller forsvinn med alle pengane til kundane. På den nye plattformen vil du kunne leggje inn kjøpsordre til aktuell kurs når som helst på døgeret.

Dagens system med autokjøp, dvs at eg kjøper bitcoin du sender til ei adresse du får av meg, vert oppretthalden, men du vil få mykje betre oversikt over alle kjøp og sal gjennom plattformen. I tillegg vil vi kunne tilby betaling av rekningar med bitcoin. Får du eit krav som du ikkje vil skal vere synleg på kontoutskrifta i banken, kan du betale det med bitcoin via oss.

Utbetaling vil kunne gjennomførast raskare enn før, vonaleg med raskare betalingsmetodar. Vi har òg planar om nye tenster, men vi ynskjer førebels ikkje å røpe detaljar om desse.

Ein ting vert som før: Vi vil ikkje ta vare på pengar eller bitcoin for kundar. Vi vil halde fram med å vere ei rein vekslingstenste der du går for å veksle bitcoin til norske kroner eller norske kroner til bitcoin.

Med utviklinga av plattformen har vi eit ganske ekstremt fokus på personvern og tryggleik. Alt vert kryptert ein ekstra gong i tillegg til den krypteringa du får med https, og ingen persondata vert liggjande unkryptert på tenarar som er synlege på internett. Vi passar like godt på dine persondata som på våre eigne bitcoin. Eg kjem til å skrive litt teknisk om den nye plattformen ved eit seinare høve.

Endring av selskapsform

Når den nye plattformen er ferdig nok, vil Bitmynt AS ta over vekslingstenesta. Dette er for å kunne ta vare på meir av kapitalen i selskapet. No renn mykje av arbeidskapitalen ut i skatt kvart år, trass i at dette er bitcoin eg brukar til å tilby likviditet, ikkje pengar eg har teke ut i forteneste. Som aksjeselskap skattar vi berre halvparten som selskap og den andre halvparten når eg tek ut fortenesta. Sidan eg klarer meg på ein veldig liten del av fortensta kvart år, kan vi halde på meir av kapitalen og la den vekse med kursstigninga.

Eg ynskjer ein ryddig overgang til nytt selskap og nytt rekneskap, og utset difor overgangen til dei mest grunnleggjande funksjonane i den nye plattformen er på plass.

Med den nye plattformen kjem nye vilkår for handel og nye personvernvilkår.

Ein konsekvens av skiftet er at alle må identifisere seg på nytt. I dei noverande personvernvilkåra mine står det at berre eg har tilgang til ID-informasjon. Eg har ikkje gjeve meg sjølv lov til å utlevere dokumentasjonen kundar har sendt inn til Bitmynt AS. Bitmynt AS må kunne drive utan at eg er der til eikvar tid. Difor må ID-informasjonen vere tilgjengeleg for tilsette i Bitmynt AS med legitimt behov, til dømes kvitvaskingsansvarleg og medarbeidarar som driv med relatert arbeid. Eg har komme fram til at det då er ryddigast at Sunde bitmynthandel tek vare på den ID-informasjonen eg har samla inn i den tida lova krev, og at alle som vil halde fram med å handle med Bitmynt AS identifiserer seg på nytt i samband med oppretting av konto på en nye plattformen.

Lågare spread

Eg kan skryte av den lågaste differansen mellom kjøps- og salskurs i landet, som saman med null gebyr gjer at kundane sparer mykje på å handle her. Min spread er under halvparten av det kortselskapa tek når du brukar kortet med ein utanlandsk valuta. Spreaden er høg nok til at eg kan ta ut ei vanleg månadsløn utan å ete av arbeidskapitalen.

Kundegrunnlaget er meir enn høgt nok til at eg kunne sett marginen yttlegare ned. For tida er handelsvolumet sterkt avgrensa av min arbeidskapasitet. Når den nye plattformen er på plass, er eg ganske sikker på at volumet vil ta seg opp slik at spreaden kan reduserast. Målet mitt har alltid vore å gjere veksling mellom bitcoin og norske kroner raskt, enkelt og sikkert, ikkje å skvise mest mogeleg pengar ut av kundane mine. Difor skal ikkje spreaden vere stort høgare enn at eg kan tilby gode tenester, ta ut løn og betale mine tilsette ei god løn utan å ete av kapitalen. Når spreaden generelt vert lågare, vil han òg verte meir variabel, fordi likviditeten i marknaden går ned ved brå kursendringar. Lågare sprad kjem med ein liten pris til. Meir om det i neste avsnitt.

Lightning og innføring av gebyr

For det fyrste: Eg hatar gebyr og skjulte kostnadar. Vi vil ikkje innføre gebyr utan at det er for å dekkje ein reell kostnad.

Blokkjede-transaksjonar har vorte dyre. På mindre handlar kan eg tape pengar, fordi transaksjonsgebyret (txfee) er høgare enn det eg tener på marginen. Kundane mine har det same problemet når dei skal betale med bitcoin.

På den nye plattformen skal du etter kvart bruke Lightning til alle transaksjonar der det er praktisk mogeleg. Den viktigaste fordelen er øyeblikkelege transaksjonar med svært lågt gebyr. For handlar som kan gjennomførast med Lightning vil bitmynt.no framleis ta null gebyr, og vi kan truleg redusere minstekjøpet frå dagens 5000 til få kroner. (Banken tek òg gebyr, so eg skal vere forsiktig med å love for mykje.) Målet er at dei fleste transaksjonar framleis skal vere gebyrfrie.

For å stimulere til raskare overgang til Lightning, og for å kompensere for lågare spread, vil vi innføre eit gebyr for blokkjede-transaksjonar som tilsvarerer ca sjølvkost. Alle andre vekslingsplattformar tek gebyr for det frå før. Gebyret kjem saman med lågare spread, slik at ein gjennomsnittskunde ikkje vil tape på det. Større kundar vil tene på det. Gebyret kjem ikkje før Lightning er godt integrert.

Er det alt?

Nei det er meir, men vi vil ikkje røpe mykje av det no. Både fordi planar og prioriteringar kan endre seg, og fordi vi ikkje ynskjer å tipse konkurrentane.

Når skjer dette?

Det kan jo ikkje skje fort nok, men samstundes kan vi ikkje setje noko i drift før vi er 100% sikre på at det er sikkert. Eg vonar at vi har grunnleggjande fuksjonar er på plass og eg kan flytte over frå Sunde bitmynthandel til Bitmynt AS før sommaren. Ein meir polert versjon med støtte for for Lightning kjem nok ikkje før nærare jul.
Sturle