Bør eg investere alle sparepengane mine i Bitcoin? NEI, det bør du ikkje. Du må aldri investere meir enn du har
råd til å tape, anten det er aksjar eller bitcoin. Kursen varierer mykje.
Dersom du mistar nattesømn av det, bør du heller la pengane stå i banken.
Kursen går opp og ned heile tida. Er det lurt å kjøpe no?
Dersom eg kunne svare på det hadde eg ikkje skrive det her. Då hadde eg
vore multimilliardær og kost meg på stranda på den private øya mi i
Karibia. Du må vurdere sjølv om det er lurt å kjøpe eller selje.
Kva bitcoin-klient/lommebok bør eg bruke?
Det er heilt opp til utstyret du brukar. Den mest komplette til vanleg
bruk er Bitcoin Core. Den krev ei nokonlunde rask maskin med rask disk og
brukbart raskt nett. For lettare utstyr og enkel bruk er Electrum eit godt
alternativ. Spesielt interesserte kan installere Armory, men merk at den
krev minimum 16 GiB RAM og er tung i drift. Ynskjer du ein app til
mobiltelefon eller nettbrett, eller ei web-basert lommebok, er
Green Address eit godt alternativ.
Denne finst som app for Android, iPhone og Chrome. Sjå
oversikta på bitcoin.org
for fleire alternativ, m.a. fleire appar til smarttelefonar og nettbrett.
Korleis sikrar eg lommeboka mi?
Dersom du har meir pengar i bitcoin-lommeboka enn du er komfortabel med å ha
i lomma, bør du kryptere lommeboka. Skriv ned passordet på ein lapp
og ta godt vare på lappen. Legg han på ein trygg stad. Du kjem til å gløyme
passordet. Det andre du skal gjere, og det gjeld alltid, er å ta backup
av lommeboka. I menyen er det gjerne "export wallet" eller liknande.
Nyare lommebøker gjev deg som regel tolv ord som du må skrive ned.
Pass på å lagre backupen fysisk ein annan stad enn der du har lommeboka.
Ver forsiktig med å la for mykje liggje på reine web-baserte lommebøker,
børsar og liknande. Anonyme framande er ikkje alltid dei beste til å ta
vare på pengane dine.
Eg vil sikre lommeboka mi endå betre, kva gjer eg?
Du kjøper ein Trezor
bitcoin-safe for fysisk sikring. Då kan ingen bruke bitcoina dine utan
fysisk tilgong til den tingen, eller tilgong til lappen der du skreiv ned
den 12 ord lange passfrasen som du kan bruke til å regenerere lommeboka di
med i tilfelle du mistar Trezoren din.
Kjenner du nokon som har mista bitcoin?
Ja, det har skjedd på fleire måtar:
Disk-kresj, reformattering/reinstallasjon, etc. Kunne vore løyst med
backup.
Ein har sannsynlegvis vorte fråstolen lommeboka av ein trojanar på PCen.
Lommeboka hadde ikkje passord.
To har gløymt passordet sitt. (Tre, men den tredje hadde ein ukryptert
backup.)
Ein vart fråstolen laptopen sin med lommeboka medan minnekortet med
backup stod i.
Fleire har brukt tvilsame børsar og nettbaserte lommebøker, og mista
bitcoin og/eller pengar på den måten. OBS: Coinbase og Blockchain.info er
blant dei.
Ein reinstallerte lommebok-appen på mobiltelefonen sin, men hadde ikkje
notert dei tolv orda som er backupen av lommeboka.
Eg veit ikkje om nokon som har mista bitcoin etter å a fylgt dei enkle
råda i spørsmål 4.
Kan du sende bitcoin rett til ei adresse på Bitstamp?
Eg sender til akkurat den bitcoin-adressa du ynskjer å sende til. Du kan
spare gebyr ved at eg sender direkte dersom du uansett har tenkt å sende
dei vidare.
Eg har 1000 bitcoin. Kan eg selje dei til deg?
Ja, over tid. Eg kan ikkje kjøpe alle på ein gong. Du kan anten selje dei
i mindre porsjonar gjennom det vanlege autokjøp-
systemet mitt, eller ta kontakt for å avtale nærare om vilkår.
Tek du Vipps/MobilePay/etc?
Nei! Det bør ikkje du gjere heller, med mindre du kjenner betalaren
personleg og veit at du kan lite på vedkommande. Ei overføring via Vipps
er i prinsippet ein kredittkorttransaksjon, og Vipps gjer kredittkortsvindel
veldig enkelt. Om du får pengar frå eit stole kredittkort, vert du
rapportert til Økokrim for kvitvasking av pengar, utan at du får høyre om
det før du evt vert kalla inn til avhøyr. Graverande saker kan medføre
fengselstraff. Sjølv aktlaus kvitvasking av pengar kan føre til 2 år i
fengsel. Svindlarar tilbyr ofte kraftig overkurs for betaling via Vipps,
og det kan dei gjere fordi dei ikkje betaler med eigne pengar.
Kjøper/sel du for kontantar?
Nei. Det er for mykje styr og eg har ikkje tid.
Korleis føregår handelen?
Du tek kontakt og ber om å få kjøpe x.y bitcoin eller bitcoin for
x kroner til adresse z. Skriv gjerne kva bank du overfører frå.
Eg svarar med aktuell kurs og reknar ut kva det kostar.
Dersom du aksepterer får du kontonummer av meg.
Du overfører den nøyaktige summen vi vart samde om omgåande, slik at eg
veit når pengane kjem til å vere framme.
Når eg ser pengane på konto, overfører eg bitcoin til deg.
Dersom du handlar via epost, må du alltid be om bitcoin for x kroner
til adresse z. Send alltid med bitcoin-adresse.
Tips: Dersom eg får bitcoin-adressa med ein gong, sjekkar eg at ho er
gyldig. Eg kan ikkje sjekke om adressa tilhøyrer deg, men sjansen for
at ei feilskriva adresse vert godkjend er ca 1 til ca 4295 millionar.
Korleis finn eg bitcoin-adressa mi?
Sjå om lommeboka di har ein kanpp for å motta bitcoin. Ei bitcoin-adresse
er ein streng av anten 34-35 tal og store og små bokstavar med 1 eller 3
fyrst, eller ca 42 teikn med bc1 fyrst. (Du sparer litt txfee på å bruke
den ny bc1-typen, om lommeboka di støttar den.)
Kva om eg vil selje bitcoin til deg?
Det er kjempelett! Send meg namn og kontonummer på IRC eller e-post. I
retur får du ei bitcoin-adresse. Når du sender bitcoin til den adressa,
kjøper eg automatisk til kursen som gjeld i det bitcoin-klienten min
oppdagar transaksjonen. Når transaksjonen er stadfesta overfører eg pengane
til kontoen din. Du kan bruke adressa so ofte som du vil. Meir
her.
Kan eg få kontonummeret ditt?
Ikkje utan vidare, nei. Sjå over for korleis ein handel føregår. Eg vil
ikkje ha inn pengar av nokon utan at det er avtalt på førehand.
Eg har ikkje kodedimpen til nettbanken her og får ikkje overført
pengane med ein gong, kan eg likevel handle?
Kanskje, etter nærare avtale. Eg må vite når eg kan vente at pengane er
framme. Dersom det oppstår noko problem med betalinga er det viktig at du
melder frå med ein gong. Trege betalarar vert svartelista.
Prisen har gått ned sidan eg avtalte eit kjøp, kan eg få ny kurs?
Nei, og eg vil heller ikkje forlange at vi set ny kurs dersom prisen går
opp. Dersom du ynskjer kursen som gjeld når pengane kjem fram, må du melde
frå om det når du kjøper. Kursen svingar heile tida, og mitt beste tips er
å ha is i magen.
Eg treng bitcoin no med ein gong, kan det ordnast?
Kanskje. Overføring internt i same bank går vanlegvis på minuttet. Sjølv
handlar eg frå konti i fleire bankar. Mange bankar, spesielt mindre
sparebankar, støttar no straksbetaling til andre bankar. Det går på
minuttet. Snapcash er det same. Kjøper du mindre enn 1 bitcoin er det
ikkje sikkert eg vil betale dei ut med ein gong, men
slår saman fleire utbetalingar for å spare transaksjonsavgifter.
Korleis reknar du ut kursen?
Kursen er basert på eit vekta gjennomsnitt av kursar frå opp til fem ulike
børsar. (Du kan slutte å lese her om du ikkje er spesielt interessert.)
Kva børsar som er med og kva vekt dei får er avhengig av fleire parameter,
som volum, spread og oppetid. Eg prøvar heile tida å gi ein god kurs for
både kjøp og sal. Min eigen spread er i utgangspunktet 1,9% + spread på
Bitstamp, men kan vere høgare når marknaden er ustabil slik at vektinga
justerer seg mykje, når vekta gjennomsnittleg spread på børsane som er
med er høg, og når kursen på NOK vs USD og/eller EUR svingar mykje.
Salskursen min på IRC er 0,4% høgre enn elles mellom klokka 16 og 20.
Eg skal kjøpe alvorleg mange bitcoin, kan eg få kvantumsrabatt?
Det får du. På bitmynt.no er kursen den same anten du kjøper 0.01 eller 100.
Kjøper du på ein børs, må du rekne med å betale høgare gjennomsnittskurs for
100 enn for 0.01. Det same gjeld meg når eg kjøper. Eg får tak i mindre
parti til ein grei kurs. Dersom eg må kjøpe inn mykje meir enn eg vanlegvis
får inn til normal kurs, må eg betale meir og tener mindre på handelen. Ofte
ingenting. Du betaler det same, ergo får du rabatt.
Kvifor skal eg bruke deg når det er billigare andre stader?
Er det faktisk billigare? Har du då rekna med alle gebyr, vekslingskurs i
banken osb? Er du sikker på at den andre er seriøs og at du faktisk kan ta
ut bitcoin du har kjøpt? Kva land held mottakaren av pengar eller bitcoin
til i? Hugs at ein bitcoin-børs ikkje er forsikra av noko banksikringsfond.
Dei som hadde pengar og/eller bitcoin på MtGox i 2014 ventar framleis på
oppgjer frå konkursbuet 7 år seinare. Eg er ikkje redd for å samanlikne meg
med andre, og har lagd nokre grafar over kven
som gjev dei beste kursane ved kjøp og sal av 1 BTC i Noreg.
Kvifor er salskursen høgare mellom 16 og 20?
Fordi eg ynskjer å prioritere familien i det tidsrommet, samstundes som det
er veldig mange som vil handle akkurat då. Det er eit hint om å heller kjøpe
før klokka 16 eller etter klokka 20. Dersom eg er på IRC klokka 17, og du må
kjøpe akkurat då, seier eg sjeldan nei, men det kostar ekstra. Kursen min på
Localbitcoins er ikkje påverka.
Sel du litecoin eller andre altcoin?
Nei, eg sel berre bitcoin. Du kan lett kjøpe alle moglelege *coin av andre
for bitcoin.
Er det sant at eg kan tene veldig mykje bitcoin på www.døme.com?
Det er nesten 100% sikkert svindel. Til no (oktober 2017) er det registrert
over 4500 domene på
svindel-lista til badbitcoin.org. Er det for godt til å vere sant, er
det ikkje sant. Ikkje la deg lure. Mange av dei stel både bitcoin-lommebok,
pengar og passord.
Kva med OneCoin, er det bra?
Nei, det er rein svindel. LIGG UNNA! Du får lett kjøpt OneCoin, men du vert
ikkje kvitt dei att.
Støttar du Bitcoin Classic eller Bitcoin Unlimited eller Bitcoin XT
eller Segwit2x eller …?
Dette er nye typar altcoin. Eg held meg til standard Bitcoin. Når den
tid kjem, dukkar det heilt sikkert opp børsar der du kan veksle vanlege
bitcoin til den bitaltcoin du ynskjer. Den sokalla "Bitcoin Unlimited" kan
ikkje fungere med bitmynt.no, fordi ein aldri kan vite om ein transaksjon er
stadfesta. "Bitcoin Unlimited" er basert på ein gammal versjon av Bitcoin
Core, og manglar ein del nyare funksjonalitet som bitmynt.no brukar mykje.
Alle desse alternativa manglar kompetente utviklarar, og klarer ikkje å
halde fylgje med utviklinga. Eg vil åtvare sterkt mot å bruke både "Bitcoin
Unlimited" og andre variantar som opererer med alternative reglar for kva
transaksjonar og blokker som er gyldige.
Støttar bitmynt.no Segwit og Lightning?
Vi har full støtte for segregated witness og eksperimenterer med Lightning.
Du kan få bitcoin gjennom Lightning-kanal no. Berre lag ein faktura (invoce)
og send til meg på bolt11-format, anten på IRC eller epost. Betalingsinfo
fylgjer, og eg sender bitcoin straks eg har motteke pengane.
Støttar du BIP148 får å få gjennom segwit raskare?
Ja, no gjer eg det fullt ut. Det ser ut til at segwit vert aktivert med
ein alternativ måte men det finst ingen godt nok testa implentasjonar med
dei alternative reglane til at eg tek sjansen på å bruke dei. BIP148
skulle vere nokon lunde kompatibel.
Kva gjer du i tilfelle segwit2x (S2X) vert splitta ut frå Bitcoin?
Eg har ingen planar om å støtte S2X. Det kan hende eg lagar ei
vekslingsteneste, slik at kundar som har S2X kan veksle dei i fleire bitcoin
for marknadskurs, og kundar som sender meg transaksjonar til autokjøp med
gyldige S2X får kompensert heile verdien.
Er det OK at eg lastar ned framsida di kvart minutt for å lage graf over kursen?
Ja, men du vil sikkert ha meir nytte av ticker-scripta mine. Eg har for
NOK, EUR og ein med
alle kursar i JSON-format. Kursen vert ikkje
oppdatert oftare enn ca ein til to gonger i minuttet. Det er ingen vits å
hente tickeren oftare enn det.
Har du ein personvernpolitikk?
Eg lagrar minst mogeleg informasjon som kan brukast til å identifisere deg,
og slettar det eg ikkje lenger har bruk for. (Det banken lagrar kan eg ikkje
gjere noko med, og heller ikkje det som er lagra i blokkjeden.) Denne
tenaren loggar berre det eg treng til feilsøking, og det er alt eg brukar
loggane mine til. Eg utleverer ikkje data til nokon andre, korkje loggar
eller informasjon om handlar, lagrar ikkje kaker i nettlesaren din og køyrer
ingen analyseverkty for å kartleggje brukarane.
Kor mange stadfestingar (confirmations) ventar du på før du sender pengar når du kjøper bitcoin?
I utgangspunktet 6, men eg overfører ofte før. Absolutt minimum er 1.
Kan eg låne bitcoin av deg?
Nei. Dersom eg låner ut bitcoin, må eg handtere letigimasjon, lånekontrakter,
oppkreving av pengar frå dårlege betalarar, osv. Det har eg ikkje tid til.
Registrer deg heller på BTCpop,
og få eit lån der. Du kan velje å knyte lånet opp mot USD i staden for
bitcoin, i tifelle du vil sikre deg mot kursstigning på bitcoin. (Fall i
kronekursen kan du ikkje sikre deg mot.)
Hjelp, eg har fått løysepengevirus/cryptovirus/cryptlocker/etc!
Somme av virus-variantane nyttar svak kryptering. Prøv å dekryptere filene
med verktya frå No More Ransom før
du betaler. Dei aller fleste får att filene sine ved å betale, men du får
ingen garantiar av meg. Det har hendt at folk berre har fått dekryptert
halvarten av filene sine, og utpressaren har forlengt meir pengar for å
dekryptere resten.
Det er tid for skattemelding att. Kva var kursen ved årsskiftet?
Ved utgangen av 2020 kjøpte eg for 248475,32 kroner/BTC og selde for
253850.01 kroner/BTC.
Ved utgangen av 2019 kjøpte eg for 63211.68 kroner/BTC og selde for
64562.97 kroner/BTC.
Ved utgangen av 2018 kjøpte eg for 32054,48 kroner/BTC og selde for
32855,93 kroner/BTC.