Bitmynt.no kjøp og sal av bitcoin mot norske kroner

Gjeldande kursar pr

Mine kursar i NOK for handel på IRC:
kjøp:   sal:

For handel som er avtalt via e-post, gjeld aktuell kurs når eg ser at pengane er framme. Sjå elles svar på vanlege spørsmål og generelle vilkår.

Små handlar, under 5000 kroner, er det fint om du tek via Localbitcoins eller bare bitcoin (krev iPhone eller iPad).

OBS! No gjeld ny kvitvaskingslov og -forskrift. Alle som vil handle bitcoin må verifisere identiteten sin.


Nytt

2022-11-13: Eg er på Adopting Bitcoin 2022 i El Salvador frå i morgon og kjem til å feriere i landet i to veker. Då er eg mindre tilgjengeleg enn vanleg på IRC, og i ei anna tidssone.
2022-10-17: Dersom du berre skal kjøpe ei mindre mengde bitcoin, og du har ein iPhone eller iPad, er bare bitcoin eit utmerka alternativ til Bitmynt. Dei støttar Lightning, slik at transaksjonar går øyeblikkeleg og du sparer txfee og tilbyr som regel god kurs.
2022-08-03: Fram til måndag er eg på ein båt med (det har vist seg) elendig internett. Eg er difor nesten utilgjengelg og får ofte ikkje godkjent utbetalingar fordi nettbanken timar ut.
2022-05-23: Eg er på Oslo Freedom Forum fram til onsdag og lite tilgjengeleg på IRC og epost. Det er veldig inspirerande å vere her, det minnar meg om kvifor eg starta med bitcoin-veksling under den ulovlege finansielle blokaden av Wikileaks hausten 2010.
2022-02-27: Etter Putler-Russland og Kviterussland sitt feige åtak på nabolandet Ukraina, kjem sanksjonane på rekkje og rad. Dersom du har sterk tilknytning til Russland eller Kviterussland, til dømes dersom du er statsborgar av eit av landa, bur der eller driv forretningsverksemd der, må du vente med å handle til situasjonen er meir avklårt og eg har kapasitet til å gjennomføre forsterka kundetiltak.
2021-11-15: Eg er på "Adopting Bitcoin" i San Salvador/El Zonte, og dermed i ei anna tidssone. Kjem difor til å vere mest tilgjengeleg på kveld/natt norsk tid og ikkje om morgonen/føremiddag. Vert her nokre dagar etter konferansen og kjem heim den 25. november.
2021-10-08: Eg reiser på haustferie i morgon og kjem til å vere mindre tilgjengeleg enn vanleg til og med søndag 17. oktober.
2021-10-05: Bitmynt AS jobbar med ulike Lightning-prosjekt, og vi treng ein eller to til med kompetanse på Lightning til fulltidsjobb. Vi ynskjer nokon som forstår protokollane godt nok til å nytte dei fullt ut og vere med på utvikling av betalingsløysingar basert på strøyming av bitcoin gjennom Lightning. Ta kontakt dersom det er deg eller du kjenner nokon som er eigna for jobben.
2021-10-04: Minstespread er justert ned frå 1,9% til 1,75%. Det vil seie at du får du betre kursar enn tidlegare. I tider med høg volatilitet og høg spread på børsar vil min spread framleis vere litt høgare enn 1,75%, men alltid 0,15% lågare enn før.
2021-08-20: Eg har gjeve opp Freenode. Alle #bitcoin-kanalane er flytta til libera.chat, og IRC-klienten her har peika på libera.chat ganske lenge. No er eg lei alle problema med Freenode, og har gjeve opp å vere der. Eg er på IRCnet og OFTC i tillegg til libera.chat.
2021-08-04: Utbetalingar frå autokjøp dei siste dagane er forseinka. Årsaka er at mange har seld og få har kjøpt dei siste vekene, og eg har vore nøydd til å gjere store uttak frå eksterne børsar for å få inn nok pengar. På fredag gjekk eg over ei beløpsgrense som krev grundigare KYC frå den børsen eg har brukt mest. Dei pengane er difor forseinka. KYC er no ferdig og pengane skal komme inn i morgon. Då reknar eg med å vere ajour med alle utbetalingar innan fredag.
2021-07-29: Fleire bankar nektar deg å bruke gevinst frå sal av BTC som eigenkapital til lån, men det er mange vegar rundt problemet. Ein vanleg utveg er å kjøpe aksjar eller fond for pengane, skifte bank og selje aksjane. Då er bitcoin-sporet viska ut. Dersom du har nok bitcoin kan du betale huset med bitcoin ved å selje BTC til meg, som overfører pengane direkte til seljar. Deretter kan du låne pengar på huset og kjøpe inn nye bitcoin. Ta kontakt om du har spørsmål. Kampen mot bankane tek visst aldri slutt.
2021-07-26: Sjefsøkonom i Eika-gruppa Jan Ludvig Adreassen stiller seg i køa av folk med sterke meiningar om bitcoin, som han samstundes vedgår at han kan lite om. Han kjem med farlege råd. Eg har skrive eit svar.
2021-07-23: No er eg attende frå ferie og tilgjengeleg som normalt.
2021-06-29: Eg er på ferie i tre veker, og er då mindre tilgjengeleg på IRC og epost enn vanleg. Kan vere raskare å nå på Signal (57021856). Er lettast å finne på kveldstid.
2021-06-14: Har skifta IRC-klient på nettsidene etter meldingar om at den gamle ikkje lenger fungerte.
2021-03-19: Det skjer ein del under overflata til bitmynt.no for tida. Eg har skrive litt om kva som skjer og kva planar vi har for bitmynt.no framover.
2021-03-09: Nets Passport Reader fungerer ikkje for Android-brukarar i dag. Feilen ligg hjå Nets.
2021-02-19: Nytt opplegg for ID-registrering er klårt til alfatesting. Identifikasjon har vore ein flaskehals i det siste. Eg får mange fleire epost om det om dagen enn eg klarer å registrere manuelt, og i tillegg kjem alle videosamtalene. Dette er fyrste steg på vegen mot ein ny handelsplattform som skal vere den sikraste i bransjen. Kontakt meg om du har høve til å teste. Det er litt halvautomatisk medan eg testar og forbetrar opplegget som tek imot og handterer persondata i bakkant.
2021-02-19: Vi har fått eit telefonnummer til kundestøtte! Morten svarer på 57624570, og fortel at eg ikkje har hatt tid til å svare på all eposten i det siste. Vi jobbar iherdig med å få opp eit nytt system der du kan registrere deg og handle heile døgeret uavhegig av meg.
2021-02-13: Eg kjem til å slå av annonsene mine på Localbitcoins frå natt til 15. februar. Det kan ta nokre veker før annonsene kjem opp att, sidan eg må identifisere meg på nytt som firma hjå Localbitcoins og eg uansett må frigjere tid til å komme ajour med andre oppgåver.
2021-01-09: Godt nytt år! Eg får fleire spørsmål enn eg klarer å handtere for tida. Her kjem nokre svar og oppmidingar:
1. Alle autokjøp-adresser eg har delt ut sidan 2013 er framleis gyldige, med mindre du har bede spesielt om sletting.
2. Den einaste grunnen til å be om ei ny autokjøp-adresse, er at du har ein ny bankkonto, for kontonummeret knytt til ei adresse kan ikkje endrast.
3. Dersom eg ikkje har identifisert deg før, du identifisere deg når du ber om ei autokjøp-adresse eller vil kjøpe bitcoin.
4. Hugs å legge ved all informasjonen eg treng for å identifisere deg. Dvs heile postadressa di og eit leseleg og usensuert bilete av ID.
5. Les FAQ før du spør.
2020-12-11: Eg tilset folk for tida. Dersom du kan programmere og kan litt om bitcoin, kan eg tilby ein interessant fast jobb i Florø. Søknadsfrist snarast!
2020-11-18: Klokka 04:58 i natt vart den gamle kursrekorden slått!
2020-11-17: Eg har det travelt om dagen etter kvart som kursen nermar seg nye rekordar. Høgaste kurs eg har notert til no var 165221,18 kroner på sundag 17. desember 2017 klokka 13:25. Salskursen over 157000 kroner frå 16 desember til 19. desember 2017.
2020-09-25: Det tekniske problemet skal no vere heilt løyst og betalingar går som normalt.
2020-09-21: På grunn av eit teknisk problem med banken har ikkje utbetalingar gått som dei skulle sidan laurdag 19. september. Utbetalingar som ventar no skal gå ut i morgon. Det vert truleg forseinkingar fram til onsdag.
2020-09-11: Dersom lommeboka di deler ut adresser som byrjar med 1 er det på tide å oppgradere. Den adressetypen heiter P2PKH. Når du brukar bitcoin motteke til den typen adresser, må du betale trippel transaksjonsavgift. Nye og meir effektive adressetypar er P2WPKH den mest effektive tett fylgt av P2SH-P2WPKH og P2WSH. P2WPKH- og P2WSH-adresser byrjar med bc1. Eldre programvare støttar ikkje desse. P2SH-P2WPKH-adresser byrjar med 3 og er meir kompatible med eldre programvare.
2020-08-12: Ein observasjon frå ferien i år, som syner kor gode mine kursar er: Bank Norwegian har 4,2% spread på EUR/NOK-kursen når du betaler med kort. Min spread på BTC/NOK er som regel ca 2%. EUR/NOK er mykje meir likvid og som regel mindre volatilt enn BTC/NOK.
2020-07-23: Eg er på hytta og mindre tilgjengeleg enn vanleg fram til 6. august. Pga dårleg nett må videosamtaler utsetjast til eg er heime.
2020-03-19: Kronekursen svingar heilt vilt i dag. Opplegget mitt er lagd for at bitcoin-kursen kan gå amok. Kronekursvingningar på opp til 2% handterer det greitt, men opp og ned over 10% på ein dag og svingningar på over 2% på eit minutt har eg ikkje teke høgde for. Difor er spreaden min unormalt høg og kursen min heilt ute av lage når kronekursen fell som ein stein. Eg jobbar med å justere opplegget. Det kan føre til brå kursendringar.
2019-12-21: Ein ny type svindel breier om seg. Kinesiske jenter, ofte frå Hong Kong, kontaktar folk på Tinder og pleier forholdet i fleire månader. Etter kvart nemner dei kryptovaluta og kor mykje dei har tent på det, og etter å ha vekt interessa hjå offeret gjev dei "investeringstips". Det er svindel. Dei tipsar om falske børsar og falske kryptovaluta. Om du fryktar at du er eit offer, slutt å sende pengar, bryt kontakten og meld saka til politiet.
2019-07-24: IRC-klienten til Freenode har vorte oppdatert. Mange har hatt problem med den nye. Eg har oppdatert instruksjonane på sida og flytta det viktigaste til toppen av sida.
2019-06-20: Frå måndag den 24. juni til fredag 19. juli er eg på ferie. Det er framleis mogeleg å handle, men eg kjem til å vere mindre tilgjengeleg enn vanleg på IRC og epost. Utbetalingar kan gå seinare enn vanleg. Som vanleg prøver eg å spegle kursane mine nokon lunde automatisk på MiraiEx når eg er på ferie, men merk at MiraiEx tek 0,5% i handelsgebyr.
2019-05-24: Eg har endeleg fått bedriftskonto! Det vert snart endringar på nettsidene.
2019-04-03: Etter nytt avslag på søknad om bedriftskonto, denne gongen frå Sparebanken Sogn og Fjordane, har eg saksøkt ein ny bank og sendt ut pressemelding.
2019-01-15: Mottok nettopp brev frå Finanstilsynet: "Finanstilsynet har fattet følgende vedtak: Sunde bitmynthandels registreres som tjenestetilbyder for veksling og oppbevaring av virtuell valuta."
2019-01-15: Eg har fått telefonisk melding frå Finanstilsynet om at registreringa går i orden!
2019-01-13: Innan 15. januar (slutten på arbeidsdagen) må eg vere registrert hjå Finanstilsynet som tilbydar av vekslingstenester for virtuell valutua for å kunne halde fram med å veksle. Finanstilsynet har p.t. ikkje registrert nokon. Eg har tru på at eg vert registrert før fristen, og annonserer her når registreringa er i orden.
2019-01-07: Somme jobbar allereie med skattemeldinga og vil vite kursen ved årsskiftet. Ved utgangen av 2018 kjøpte eg for 32054,48 kroner/BTC, og selde for 32855,93 kroner/BTC.
2019-01-03: Gratulerer med 10-årsdagen, Bitcoin!
2018-10-14: Frå og med midnatt må alle som vil veksle bitcoin identifisere seg. Meir her.
2018-10-05: VIKTIG! Finansdepartementet og Finanstilsynet har funne ut at eg er rapporteringspliktig etter kvitvaskingslova frå 15. oktober i år. Konsekvensen er at eg frå og med berre får handle med kundar som eg har kontrollert identiteten til. Eg har ein plan, men det er ikkje sikkert eg får implementert den før 15. I verste fall kan det hende at du må sende meg stadfesta kopi av legitimasjon i posten for å handle etter 15. oktober. Dette gjeld òg ved bruk av autokjøp etter 15. oktober. Dersom du vil handle før eg vert rapporteringspliktig etter kvitvaskingslova, må vi ha fullført handelen før 15. oktober. Dette gjeld alle som tilbyr å veksle mellom bitcoin og offisiell valuta i Noreg. Eg har ikkje fått avklart kva som skjer med autokjøp-adresser oppretta før 15. oktober.
2018-10-04: Eg kjem ikkje til å vere mykje tilgjengeleg på IRC eller epost i morgon, fredag 5. oktober, og vil vere vanskelegare enn vanleg å få tak i neste veke, fram til laurdag 13. oktober.
2018-09-23: Ingen kan svare meg på korleis "vekslingstjenester mellom virtuell valuta og offisiell valuta" skal forståast i ny kvitvaskingsforskrift, som vert gjeldande frå 15. oktober. Omgrepet vekslingsteneste er ikkje definert i forskrifta. Dersom privatpersonar som tilbyr å selje sine private bitcoin mot norske kroner, eller kjøpe bitcoin av andre, vert rekna som "vekslingstjenester", kan det verte endringar i både mine tenester og gebyrstruktur frå og med 15. oktober i år.
2018-08-01: Frå i dag er eg attende for fullt etter ferien.
2018-07-02: Eg tek ferie fram til 1. august. I ferien er det framleis mogeleg å handle, men eg kjem til å vere mykje sjeldnare innom IRC. Eg sjekkar konto og sender autokjøp-utbetalingar ca ein gong i døgeret. I mellomtida kjem eg til å spegle mine kursar nokon lunde på den nye norske kryptobørsen MiraiEx. MiraiEx tek 0,5% gebyr og vert drive av eit kompetent lag som eg har tillit til.
2018-07-01: No er eg endeleg ajour med alle utbetalingar til autokjøp. Det kan framleis oppstå nye flaksehalsar.
2018-05-30: Anke til Borgarting lagmannsrett i saka mot Nordea er levert.
2018-05-10: Flaskehalsar i bankar gjer at eg ligg etter med utbetalingar frå autokjøp. Reknar med å ha ei løysing ganske snart, men veit ikkje akkurat når. Pengane kjem, men er nokre dagar forseinka.
2018-05-09: Stortinget reagerer på praksisen til Nordea AB og andre bankar. I innstillinga til ny kvitvaskignslov står: "Komiteen er på det reine med at alle borgarar i eit moderne samfunn både har trong til og rett til bankkonto. Bankane sitt høve til å avvise kundetilhøve bør vere svært avgrensa og må vere ein utveg som kjem på tale fyrst når andre tiltak er uttøymt."
2018-05-08: Mange Nordea-kundar spør om hjelp til å byte bank. Gå til Finansportalen og finn fram til den banken som er best for deg der. Der får du hjelp til å byte.
2018-05-04: Takk for all støtte eg har fått på epost og IRC og i form av donasjonar! Nordea må merke at kundane flyktar. Det er mogeleg å registrere støtte offentleg på Kryptofinans, ein norsk nettstad med nyhende om kryptovaluta.
2018-05-04: Nordea vann i tingretten. Vi ankar og har sendt ut pressemelding. For å dekkje dei høge kostnadane, over ein million kroner til no, tek vi donasjonar via både bitcoin og gammaldagse pengar.
2018-04-17: Eg er utilgjengeleg på IRC den 19. og 20. april pga rettsak mot Nordea. Saka skal avklare om eg har krav på konto til å opprette aksjeselskap, og går i sal 353 i Oslo tinghus frå klokka 9 begge dagar. Møt gjerne opp for å høyre på.
2018-01-18: Eg får veldig mange brev med spørsmål om skatt på bitcoin og annan kryptovaluta. Eg er ikkje skatterådgjevar, og eg har sjølv prøvd å få svar på mange av desse spørsmåla i årevis utan å lukkast. Difor kan eg ikkje svare. Mas heller på Skatteetaten. Eg veit at du ikkje får nokon vituge svar derifrå heller, men det er i alle fall jobben deira å svare.
2018-01-07: Kritisk hol funne i Electrum. Dersom du brukar Electrum, må du oppgradere til versjon 3.0.5.
2018-01-06: Frå måndag 15. januar vil eg trekkje tilsvarande 0.0001 BTC frå kjøpesummen for bitcoin sendt til den gamle typen autokjøp-adresser, som byrjar med 1. Det tilsvarer ca ekstrakostnaden min ved å bruke myntar sendt til den gamle typen adresser. Dersom du har den gamle typen autokjøp-adresse, kan du konvertere til ny type her.
2018-01-01: Godt nytt år!
2017-12-12: Tips: Fortell om du brukar Localbitcoins som lommebok når du kjøper. Då kan begge spare gebyr ved at eg overfører direkte derifrå.
2017-12-06: Ja, eg er framleis oppe og går, men veldig travel. Fram til og med tysdag den 12. desember kjem eg til å vere lite tilgjengeleg på IRC og lite responsiv på epost.
2017-12-05: Oslo tingrett har lagt ned forbod mot bankverksemd. Vi trur dei kan ha tolka lova feil, og har sendt ut ei pressemelding.
2017-12-04: DN (fyrstesida og 8-9 i papirutgåva) og E24 har artiklar om saka mi mot Nordea i dag. Det kjem meir utover veka, og mot andre bankar.
2017-12-03: Eg er langt bakpå med å svare på epost, og vil vere generelt lite tilgjengeleg i veka som kjem. Eg går på offensiven mot norske bankar. Meir i næringslivsavisene i dagane som kjem, og her i morgon ettermiddag.
2017-11-30: På måndag den 4., onsdag 6. og torsdag 7. desember er eg utilgjengeleg mesteparten av dagen, og det er heller ikkje sikkert eg får tid til å sjekke bankkontoen før utpå kvelden.
2017-11-29: Eg har det vanvittig travelt med alle som vil handle. Fleire hundre om dagen. Det kan ta tid å få svar på epost, og du vere effektiv når du handlar å IRC. Eg må vite kor mange bitcoin du skal kjøpe og bitoin-adresse, helst før du seier "hei", og les FAQ før du spør.
2017-11-14: Nyare lommebøker, som Electrum 3.0 og Bitcoin Core 0.15.1, støttar ein ny type adresser som startar med bc1. Bruk dei om du kan. Då sparer du txfee.
2017-11-09: Alle autokjøp-adresser er no konvertert til den nye adressetypen P2WPKH i tillegg, sidan stadig fleire lommebøker støttar denne. Transaksjonar med P2WPKH-adresser brukar mindre plass, og er dermed billigare. Du kan konvertere tidlegare autokjøp-adresser her. Oppgje gerne adresse på det nye formatet når du kjøper òg.
2017-08-18: Kan den som betalte 1 million kroner for berre 4.661657 BTC på BitcoinsNorway måndag den 15. august klokka 11:50:12 ta kontakt med meg snarast? Eg har prov på at BitcoinsNorway svindlar deg, og eg er i ferd med å melde saka til politiet.
2017-05-22: Kursen har stige mykje, og fleire har selt mykje bitcoin dei siste dagane for å kjøpe seg ein Tesla. I tilfelle du vurderer det same, kan du få gratis superlading ved å kjøpe Model S eller Model X her.